Henrik Bull inviterer - Liv og død i Det gamle Egypt

Familie og kjønn: Gjekk kvinnene på marknaden medan mennene var heime? Ved stipendiat Reinert Skumsnes, senter for tverrfaglig kjønnsforskning, Universitetet i Oslo

Egyptisk veggmaleri fra ca 1400 f.Kr.

Foto fra Wikimedia Commons.

Interessa for familie og kjønnsstrukturar i det gamle Egypt går heilt attende til antikken. For eksempel hevdar Herodot at det var kvinnene som gjekk på marknaden og byta varer, og at mennene var igjen heime og tok seg av husarbeidet (II,35). Diodorus Siculus hevdar enda til at kvinner gjennom ekteskapskontrakten hadde makt over ektemannene sine (I,27). 

Gjennom ulike kjeldetypar, frå ulike nivå av samfunnet, skal me fokusere på familien si sentrale rolle. Det var verken likestilling eller eit eintydig kjønnshierarki i Det gamle Egypt. Derimot eksisterte det fleire ulike familie- og kjønnskonstellasjonar som alle var bestemt ut frå individuelle samanhengar.

Reinert Skumsnes har mastergrad i antikk historie frå Universitetet i Bergen. Han har studert egyptologi ved det amerikanske universitetet i Kairo, og har arkeologisk erfaring frå utgravingar både i Giza og Amarna, Egypt. I dag er han PhD-stipendiat ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, Universitetet i Oslo, og forskar på familie og kjønnshierarki i Det gamle Egypt.

Les meir om kjønn i Det gamle Egypt i Skumsnes' artikkel på aftenposten.no

Det koster 100 kroner å komme inn, for mat, mineralvann, foredrag og diskusjoner. 200 kroner med to glass vin, 250 med tre glass. Kjøp billet på forhånd gjennom ticketmaster og du er sikret plass.

 

Publisert 1. sep. 2016 15:14 - Sist endret 26. okt. 2016 11:01