English version of this page

Oldsaksamlingen

Antiqvitetskommissionen blei oppretta av Det Kongelige Selskap for Norges Vel i 1811 for blant anna å samle inn oldsaker funne i Noreg. Dette blei byrjinga til Universitetets Oldsaksamling, som no er ei omfattande samling av gjenstander og funn eldre enn reformasjonen i 1537. I samlinga finnes mellom anna vikingskip, kirkekunst fra middelalderen, hundrevis av sverd fra vikingtida og mykje meir.

Fire steingjenstander med en skarp kant og hull i midten ligger på et svart bord.

Øks frå Eidareng i Indre Østfold i Viken. Museumsnummer C60263.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO, Lill-Ann Chepstow-Lusty

I byrjinga var heile Noreg arbeidsområde. Men då den fyrste fornminnelova kom i 1905, fekk Oldsaksamlingen ansvar for å ta vare på gjenstander og funn frå dei fem og sør- og austlandsfylka på vegne av Staten, det vil seie Agder, Innlandet, Oslo, Vestfold og Telemark og Viken. Samlinga er gradvis bygd opp gjennom arkeologiske undersøkingar, og ved at finnarar har levert gjenstander.

Utfører arkeologiske undersøkingar

Undersøkingar blir gjennomført både som ein del av museets forskingsverksemd og med heimel i kulturminnelovens pålegg om arkeologisk undersøking før ulike typar utbyggingsverksemd.

Ei stor samling

I dag er det meir enn 2,7 millioner gjenstander og funn i samlinga.

bildekarusell

Staten er eigar av lause kulturminne

Kulturminnelova av 9. juni 1978 gjev Staten eigedomsretten til såkalla lause kulturminne som kjem for dagen tilfeldig, ved arkeologiske undersøkingar eller på andre måtar. Kulturminne frå oldtid og mellomalder (eldre enn 1537) kan vera våpen, reiskaper, smykke, skjelett, runeinnskrifter, kyrkjeinventar og anna. Den som finn lause kulturminne pliktar å melde frå om funnet til Fylkeskommunen, politiet på staden eller direkte til museet. Det er forbode å omsetje oldsaker i Noreg.

Utforsk vidare

Publisert 1. nov. 2012 21:25 - Sist endra 16. des. 2022 13:31