Store midler til forskningsinfrastruktur

Kulturhistorisk museum har frå Norges Forskningsråd fått innvilga prosjektet Archaeological Digital Excavation Documentation (ADED) frå programmet Nasjonal satsing på forskningsinfrastruktur (INFRASTRUKTUR).

Digital innmåling ved utgravning

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO

Prosjektpartnarar er Arkeologisk museum Universitetet i Stavanger, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetsmuseet i Tromsø og Riksantikvaren. ADED vil gjere digital utgravingsdokumentasjon opent tilgjengeleg slik at forskarar, studentar og andre interesserte får fri tilgang.

Universitetsmusea har ansvar for dokumentasjonen av arkeologiske undersøkingar  i Norge, og skal lagre og gjere desse tilgjengeleg no og i framtida. Tidligare analog dokumentasjon har innafor dei siste ti åra vorte erstatta av digital dokumentasjon, og KHM, dei andre universitetsmusea og NIKU har teke i bruk felles løysningar for dokumentasjon av arkeologiske utgravingar.

Universitetsmusea sitt mangeårige samarbeid i MUSIT (Universitetsmusea sin IT-organisasjon), der NIKU og Riksantikvaren har delteke, har gitt et godt grunnlag for ei vellykka gjennomføring av prosjektet ADED.

Hovudmålet med ADED er å gi tilgang til utgravingsdokumentasjonen gjennom ein felles infrastruktur. Nye inngangar til eksisterande ressursar vil skapa nye muligheiter for blant anna kvantitativ og kvalitativ forsking. Det er om lag 150 utgravingar kvart år i Norge og i tillegg kjem registreringar og mindre undersøkingar som vert gjennomført av fylkeskommunane. Forskarane etterspør i aukande grad betre muligheiter til å sjå samanhengar på tvers av enkeltundersøkingar, og ein samla tilgang til det arkeologiske materialet har difor eit enormt potensiale for forsking. Prosjektet ADED vil gjere den digitale utgravingsdokumentasjonen tilgjengeleg for forskarar, forvaltning og det allmenne publikum gjennom gode brukargrensesnitt der alle kan søke, få oversikt og laste ned data dei er interessert i.

Publisert 27. juni 2017 10:40 - Sist endret 27. juni 2017 10:40