English version of this page

Mønsterpraksis for detektoristar

Rettleiing frå Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Når du leiter etter metallgjenstandar med detektor, er det viktig å være merksam på at du kan finne gjenstandar, myntar eller minnesmerke frå mellomalder eller førhistorisk tid, anten du leitar etter dei medvite, eller ei.

Desse gjenstandane er viktige, ikkje-fornybare kjelder til kunnskap om fortida, og er verna av Lov om kulturminne.

Kvart år gjer detektoristar viktige historiske funn i dyrka mark, og reddar uerstattelege gjenstandar frå å bli øydelagde. Men dessverre er det også slik at gjenstandar og minnesmerke kvart år blir skadd eller øydelagde ved uvettig bruk av detektor, ved at detektoristen ikkje forstår kva han/ho har funne, eller ved at gjenstandar blir handsama feil.

Konteksten til eit funn er ofte like viktig som sjølve gjenstanden. Mangelfulle opplysingar om funnstaden fører til tap av kunnskap, og at den kulturhistoriske og vitskapelege verdien til gjenstanden blir redusert. Det er av desse grunnane svært viktig at du følgjer lovar, retningslinjer, og desse tilrådingane:

  • Skaff deg kunnskap om kulturminnelovas føresegner, og bidra til å spreie kunnskap om dei til andre detektoristar og til grunneigarar:    https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1978-06-09-50                                                      Alle detektoristar må særskilt vera klar over følgjande:
    • Det er forbode å grave etter metallgjenstandar på automatisk freda kulturminne (§ 3 og 4). Opplysingar om slike finn du på: http://www.kulturminnesok.no/                  Ver klar over at stadfestinga av kulturminna i Kulturminnesøk ikkje alltid er nøyaktig, derfor tilrår vi at du held god avstand til kulturminna. Riksantikvaren tilrår 25 m. Ver også klar over at svært mange automatisk freda kulturminne ikkje er registrert, og at desse også er freda. Du kan lese om dette her: https://www.riksantikvaren.no/prosjekter/fredet-vernet-verneverdig
    • Alle gjenstandar som er eldre enn 1537, myntar eldre enn 1650 og samiske kulturminne eldre enn 100 år, er Statens eigedom (lause kulturminne, § 12 og 13), og skal leverast inn til fylkeskommunen. Det er dette som omtalast som leveringspliktige gjenstandar.
  • Samarbeid med fylkeskommunens representantar og følg deira råd og rettleiingar. Ha alltid med deg kontaktinformasjon til den ansvarlege i fylkeskommunen når du er ute og søkjer, og ta kontakt dersom du finn noko (innanfor normal arbeidstid).

  • Du må ha løyve frå grunneigar for å søkje etter metallgjenstandar på ein eigedom. Dette gjeld også Statens eigedommar.

  • Skaff deg god kunnskap om gjenstandar frå førhistorisk tid og middelalder, slik at du raskt kan kjenne att leveringspliktige gjenstandar. Elles risikerer du å kassere viktige historiske funn. Du finn informasjon på Unimusportalen.

  • På nettfora og i sosiale media finst grupper der du kan be om hjelp til å identifisere dine funn. I foreiningane for detektoristar finst også mykje kunnskap som du vil ha nytte av. Fylkeskommunen vil også kunne hjelpe.

  • Kulturhistorisk museum tilrår at du KUN søkjer etter metallgjenstandar i dyrka mark, det vil seie mark som blir pløgt regelmessig. Ver forsiktig og stans søket dersom du har grunn til å tru at du har kome over eit automatisk freda kulturminne.

  • Kulturhistorisk museum rår sterkt ifrå metallsøking alle andre stader enn i dyrka mark, slik som i skog, utmark og fjellområde. Årsaka er at ein i slike urørte område kan kome til å grave seg ned i og øydelegge viktige arkeologiske funn som ikkje er flytt på sidan dei kom i jorda. Tek du ein gjenstand opp frå ei grav, har du allereie øydelagt viktig informasjon om den samanhengen gjenstanden låg i. Dessutan har urørte gjenstandar det som oftast best der dei ligg – dei er ikkje truga, slik gjenstandar i pløyelaget er. Unntatt frå dette er badestrender og andre område der dei øvste 20-30 cm har vore rota opp i dei siste 100 år, slike stadar kan du søkje når du har fått løyve frå grunneigar.

  • Ved metallsøking i dyrka mark er det særs viktig at du lar vera å grave under pløyedjupn. Dersom pløyedjupna er vanskeleg å avgjere, kan grunneigar gje opplysingar. Er du i tvil, bør du ikkje grave djupare enn 20 cm. Årsaka er at du kan risikere å grave deg ned i graver, eldstadar eller anna som plogen ikkje har nådd ned til. Dette skjer typisk når det blir funne store metallgjenstandar, særleg jern, under pløyedjupn. Derfor må du vera særskild aktsam når du får signal frå slike gjenstandar.

  • Alle gjenstandar må gravast fram forsiktig. Alle slags gjenstandar kan ha ei skjør overflate som lett kan ta skade ved uforsiktig reinsing. For eksempel kan svake spor etter forgylling falle av, eller skjøre restar av tekstil, lær eller tre på baksida av spenner og beslag kan ta skade. Vi tilrår derfor at du ikkje vaskar eller skrubbar gjenstandar som du trur er leveringspliktige. Myntar skal ikkje pussast, reinsast eller handsamast på andre måtar.

  • Fram til gjenstanden er identifisert, må den handsamast som om den var ein leveringspliktig gjenstand. Ha alltid med deg plastposar med lynlås og anna pakkemateriell som hindrar at gjenstandane blir utsett for støytar, press og gnissingar. Bruk éin pose for kvar gjenstand. Merk posen slik at du ikkje blir i tvil om kva som blei funne kvar, du bør for eksempel skrive GPS-koordinatane på posen. Send så snart som mogeleg foto av sikre og mogelege leveringspliktige gjenstandar og informasjon om funnstaden til fylkeskommunen, og lever inn gjenstanden der. Riksantikvaren tilrår at du melder i frå om funnet fyrste arbeidsdag etter at funnet er gjort.

  • Posar med metallfunn skal oppbevarast tørt, mørkt og kjøleg, helst i kjøleskåp. Ikkje ta gjenstanden ut og inn av kjøleskåpet og posen, fordi det skaper kondens. Gjenstanden må leverast inn så raskt som mogeleg. Ser du frisk korrosjon på gjenstanden, for eksempel grønt belegg på koparlegering, må du levere den straks.

  • Ha med GPS-utstyr for registrering av funnstadens koordinatar med minst mogeleg feilmargin. Vi tilrår ikkje GPS som er meint for bilbruk. GPS-en bør vera innstilt på WGS 84, UTM 32N. Bruk Riksantikvarens funnskjema, fyll ut eitt skjema for kvar gjenstand, og lever det til fylkeskommunen saman med gjenstanden: Melde funn

  • Dersom du trur at du har kome over ei grav, eit skattefunn, eller ein annan samling av leveringspliktige gjenstandar som kan stamme frå ein overpløgd buplass eller liknande, stopp søkinga og gravinga, registrer funnstadens koordinatar og kontakt fylkeskommunen med éin gong.

  • Ver klar over at gjenstandar som ikkje kan identifiserast eller daterast sikkert likevel kan ha stor verdi. Det gjeld for eksempel uformelige klumpar eller bitar av jern, bly eller bronse som kan vera viktige kjelder til metallhandverk og anna som har hendt på staden. Skulle du velje å ikkje registrere desse som leveringspliktige funn, må du ikkje fjerne dei, men leggje dei tilbake der dei blei funne. Finn du leveringspliktige funn i nærleiken, ber vi deg nemne på funnskjemaet at du for eksempel fann metallklumpar eller -bitar like ved. Denne tilrådinga gjeld ikkje metallgjenstandar som openbart er moderne.

  • Hjelp til å halde din hobby rein ved å følgje KHMs Mønsterpraksis og Riksantikvarens retningslinjer, ved å fremje dei overfor andre detektoristar, og ved å varsle fylkeskommunen eller Politiet om ulovleg metallsøking.

Rett bruk av metalldetektor kan redde viktige historiske gjenstandar frå å bli øydelagde. Samtidig ligg det eit ansvar på brukarane av metalldetektorar å hindre at deira verksemd fører til skade på kulturminne. Kulturhistorisk museum vil, i samarbeid med fylkeskommunane, arbeide for å fremje Mønsterpraksis overfor detektoristar og deira organisasjonar. Ved mistanke om brot på Lov om kulturminne, vil Kulturhistorisk museum aktivt samle dokumentasjon. Dersom det er grunnlag for det, vil vi samarbeide med fylkeskommunane om å melde forholdet.

Publisert 3. juni 2016 09:12 - Sist endra 31. mai 2022 19:54