Om Vikingskipshuset

Vikingskipshuset på Bygdøy er eit av arkitekt Arnstein Arnebergs hovudverk. Vikingskipshuset er eit nasjonalt symbol og rommar Noregs kanskje viktigaste kulturarv. Museet var ein suksess frå dag éin. 

No startar bygginga av eit nytt museumsbygg på Bygdøy og det nye Vikingtidsmuseet blir tre gonger så stort som dagens museum.

Vikingskipshuset. Foto: Kulturhistorisk museum,UiO/ Eirik Irgens Johnsen .

I 1913 foreslo professor Gabriel Gustafson, som hadde leidd utgravinga av Osebergskipet, å byggje eit museum for dei tre skipa på Bygdøy. Det blei lyst ut ein arkitektkonkurranse og Arnstein Arneberg vann. Han var ein anerkjend norsk arkitekt, og Vikingskipshuset er eit av Arnebergs hovudverk. Museumsbygningen rommar skipsfunn frå vikingtida, frå Tune, Gokstad, Oseberg og Borre. Osebergfløya var den fyrste delen av Vikingskipshuset som blei bygd, den stod klar i 1926. Dei to fløyene med skipa frå Gokstad og Tune blei innvigd i 1932. Den siste fløya til utstilling av dei rike gravfunna frå Oseberg blei utsett, og på grunn av den andre verdskrigen blei den ikkje ferdig før i 1957.

Kort om Vikingskipshusets historie

Nytt vikingtidsmuseum i 2025

Eit nytt vikingtidsmuseum skal byggjast på Bygdøy. Statsbygg er ansvarleg for prosjektering og bygging av det nye museumsanlegget på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. AART architects designar bygget. Planen er at det nye museet skal ferdigstillast i 2025.

Les meir om det nye vikingtidsmuseet

Les om Statsbygg sitt arbeid med det nye Vikingtidsmuseet

Statue

Kvifor står det ein statue av Anne Stine og Helge Ingstad utanfor Vikingskipshuset?

Finn svaret her

Av Ellen Marie Næss
Publisert 5. nov. 2012 13:47 - Sist endra 12. aug. 2021 11:31