Blant arkivalia frå arkeolog Anne Stine Ingstads arbeid med brukstekstilane av ull frå Osebergfunnet, fann vi også resultat frå eit forsøk med farging av ullgarn.
I bileta nedst på sida kan du sjå nokon av resultata, samt oppskrifter og ingrediensar.
Tekstila frå Oseberg har støtt vore populære og nyleg har biletkunstnar Åse Eriksen og arkeolog Marianne Vedeler samarbeida om rekonstruksjon av eit silkestoff frå Oseberggrava.
Den 8. november i år vert utstillinga Mønstervovne silketekstilar frå Oseberg opna i Vikingskipshuset.