Dokumentasjonen frå Osebergutgravinga er tildelt Noregs dokumentarvstatus

Gabriel Gustafsons og Haakon Sheteligs dagbøker og skissebøker frå utgravinga av Osebergfunnet (1904-1906) har, saman med 29 av 47 nominerte, blitt innlemma som ein del av Noregs dokumentarv 2014 - den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register!

Foto Gustafson og Norsk dokumentarv

Memory of the World (MoW)  er eit av mange UNESCO-program som arbeider for å gjera synleg og redde kulturarv. MoW-register finst på internasjonalt, nasjonalt og regionalt nivå. Den norske Memory of the World-komitéen er oppnemnt av Kulturrådet i samråd med Den norske UNESCO-kommisjonen. Komitéen har medlemmar frå Bergen byarkiv, Kulturrådet, Nasjonalbiblioteket, Riksantikvaren, Riksarkivet, Samisk arkiv og Valdresmusea.

Denne våren nominerte arkivet ved KHM to kandidatar i samband med utlysinga av Norsk dokumentarv 2014. Ein av våre kandidatar blei antatt, og Norges dokumentarvs komité grunngjev opptaket av dokumentasjonen frå Osebergutgravinga som følgjer:

"Feltdagbøkene med notatar og skisser dokumenterer utgravinga av eit arkeologisk funn som vert rekna som ein av dei største nasjonalskattane. Den unike feltdokumentasjonen frå utgravinga av Osebergfunnet har stor verdi som forskingsarkiv og representerer starten på moderne arkeologi."

Gabriel Gustafsons og hans dåverande assistent, Haakon Sheteligs originale feltdagbøker og skissebøker ber preg av å ha blitt skrive på utgravingsfeltet. Dei er skitne og det er tydeleg at mykje er skripla ned i farten. Vi får også inntrykk av at Gustafsons og Shetelig har bytt mellom dagbøker, notisbøker og skissebøker – dei har brukt det dei har hatt tilgjengeleg. Materialet er ein del av ei større samling arkivaliar knytt til utgravinga av Osebergskipet, der finst også  fotodokumentasjon, katalogar, gjenstandsteikningar, avisutklipp og korrespondanse.

Osebergfunna er unike og av nasjonal og internasjonal verdi, og derfor er dokumentasjonen frå utgravinga og funnas opphavelege kontekst uvurderleg. Utover dette gjev dagbøkene og skissebøkene også eit innblikk i sjølve arbeidet med utgravinga og blir dermed ein verdifull leivning som gir oss informasjon om korleis ei arkeologisk utgraving blei gjennomført på byrjinga av 1900-talet.

Osebergfunnet var på mange måtar skjelsetjande for norsk arkeologi. Dei uvanleg gode bevaringsforholda og den store mengda funn som ble gjort, førte til at denne utgravinga kan seiast å vera startskotet for den moderne arkeologien i Noreg. Til forskjell frå tidlegare utgravingar blei arbeidet med Oseberghaugen usedvanleg godt dokumentert både med tanke på kontekst, metode og funn. Det er denne informasjonen som ein kan finne i dagbøkene og skissebøkene.

Dokumentasjonen i dagbøkene vil vera særs viktig for komande forskarar, som skal arbeide vidare og etterprøve tidlegere forskingsresultat, spesielt fordi arkeologiske utgravingar både er dokumentasjon og innhenting av kjeldemateriale frå førhistoria, men også planlagt destruksjon av faste kulturminne. Den informasjonen som seinare kan finnast i dagbøker og skissebøker er derfor unik og uerstatteleg fordi dette er det nærmaste ein kjem kulturminnets opphavelege kontekst – ein kontekst som kan fortelje oss noko om menneska og samfunnet til dei som blei gravlagt og dei som gravla.

Tilhøva rundt funnet og utgravinga i perioden 1904-1906 blei også ein medverkande årsak til at arbeidet med lovregulering av forholda rundt funn av oldsaker og faste fornminne i 1905 blei vedtatt på Stortinget som den fyrste Lov om Fortidsminder, seinare vidareført i dagens Lov om kulturminner.

Oppføringa i Norsk dokumentarv gjeld:

Gabriel Gustafson:

2 feltdagbøker i tilnærma A5-format, kvar på 131 sider – ført i blyant, inneheld i tillegg enkelte skisser. Signert av Gustafson og datert 13.06.-31.07.1904 og 2.8.-22.09.1904

1 skissebok i foliostørrelse – usystematisk datert frå 1904-1906

Haakon Shetelig:

2 skissebøker og 1 notatbok med skisser, alle datert innanfor året 1904

Emneord: Norsk dokumentarv, Kulturrådet, Unesco, Memory of the World Register, Oseberg, Osebergfunnet, Gabriel Gustafson, Haakon Shetelig
Publisert 1. des. 2014 13:10 - Sist endra 29. mai 2022 11:30