English version of this page

Fotografering og filming i musea

Fotografering og filming til privat bruk er tillate i musea så lenge ein ikkje brukar stativ, ljos eller anna ekstrautstyr. Fotografering og filming til andre føremål, og der det er behov for å bruke ekstrautstyr, krev eit særskilt løyve.

Redaksjonell bruk

Løyve til fotografering og filming i musea som ikkje er til privat bruk, gjevast av presse- og marknadsrådgjevar. Det gjevast vanlegvis løyve til fotografering og filming for nyheitsmediar og magasin der opptaket skal brukast i samband med redaksjonell omtale.

Kommersiell bruk

Når det gjeld løyve til kommersielle opptak, skal det vurderast om bruken av opptaka vil kunne skade museets forhold til omverda. Museets gjenstandar bør ikkje brukast som bakgrunn for marknadsføring av forbruksvarer og kommersielle tenester. Det gjevast vanlegvis ikkje løyve til kommersielle opptak.

For søknad om fotografering og filming i musea, ver venleg og bruk søknadsskjema.

Dersom filmselskap ynskjer å fotografere eller filme utanom opningstid, er hovudregelen at selskapa betaler for nødvendig vakthald.

Send søknad om fotografering og filming i musea

Søk her

Publisert 27. nov. 2015 13:45 - Sist endra 7. okt. 2020 09:14