Prosjektet
Ferda frå myrmalmsjern til ferdig øks presenterast her ved korte artiklar om kvar av dei mange delprosessene.
Arbeidet bestod i å vidareforedle råjernet, framstille herdbart stål til økseeggen og smi sjølve øksehovudet.
Framstillinga av øksa bydde på mange utfordringar, enkelte overraskingar og mykje ny lærdom.
Til slutt blei øksa skjefta med eit messingbeslått skaft og testa på eit griselår. Smedane var Vegard Vike og Anders Helseth Nilsson.
Bildegalleri
Undervegs i prosjektet blei det gjort omfattande fotodokumentasjon og hundrevis av bilete blei tatt.
Her er eit utval som viser økseframstillinga steg for steg.
I menyen finn ein mer omfattande undergalleri for kvar delprosess.
Videoer
Formidlingsretta video var ein viktig del av dokumentasjonsstrategien. Mykje av arbeidet blei fanga på film. Det finst ein langversjon (24:04 min), ein redigert kortversjon (4:23 min), og fleire filmsnuttar.
Eksklusiv og vel bevart
Kulturhistorisk museum har berre seks økser av denne typen i samlinga - breiøkser med skaftbeslag av messing. Langeidøksa er den best bevarte, den blei funnen i ei oppsiktsvekkjande grav frå slutten av vikingtida.