Kjortelen frå Lendbreen

Kraftig smelting av isbrear og snøfonner har ført til at hundrevis av førhistoriske gjenstandar nå smeltar fram frå isen i norske høgfjellsområde.

Lendbreen. Foto: Vivian Wangen

Noregs eldste klesplagg smelta fram i 2011. Både originalen og ein rekonstruksjon blei stilt ut i utstillinga Ta det personlig i Historisk museum fram til juni 2016.

Godt bevart kjortel frå romartida

Kjortelen frå Lendbreen. Foto: Kulturhistorisk museum/ Mårten Teigen.

I august 2011 blei det gjort ei arkeologisk sikringsundersøking på fjellpartiet Lomseggen i Innlandet fylke i Noreg. Under dette opphaldet skulle det kome for dagen eit heilt spesielt funn. Det som ved fyrste augnekast såg ut til å vera eit samantulla stykke stoff viste seg å vera ein svært godt bevart kjortel frå romartida, og dermed Noregs eldste klesplagg.

Berre ein handfull tilsvarande plagg er bevart i Europa. Dette funnet er derfor svært viktig for å forstå drakt og tekstilproduksjonen, og korleis desse reflekterer samhandlinga mellom Nord-Europa og den romerske verda.

I 2014 laga vi to rekonstruksjonar av kjortelen frå Lendbreen i samarbeid med Norsk Fjellmuseum. Gjennom denne prosessen håpa vi å kome enda nærare inn på kjortelen og korleis den blei laga. Undervegs la vi ut bilete, filmsnuttar og informasjon slik at du kan følgje rekonstruksjonsarbeidet.

Presseomtale av kjortelen

Publisert 3. feb. 2021 09:20 - Sist endra 3. feb. 2021 09:22