Velkomen til E6-prosjektet sine heimesider
E6-prosjektet Østfold har granska spor etter førhistorisk gardsbusetnad og gardsdrift, og utført sikring og dokumentasjon av helleristingar. Arbeidet vart utført i tida frå 2003–2006.
Granskingane påviste eit stort og variert busetjingsmateriale og spor etter jordbruksdrift, som i tid spenner frå eldre bronsealder til vikingtid. Analysar av fossilt plantemateriale har mellom anna synt kva slags plantar som vart dyrka, men også at viltveksande matplantar var ein viktig del av kosthaldet i fortida. Analysar av jordsmonn har gitt ny kjennskap til driftsformer i det tidlege jordbruket, slik som beiting, gjødsling og pløying.
Prosjektet var forvaltingsinitiert og eit resultat av at E6 gjennom Østfold skulle utvidast frå to til fire felt. Granskingane vart utført innanfor fire kommunar; Råde, Sarpsborg, Fredrikstad og Halden, over ei strekning på 42 kilometer. 29 lokalitetar vart granska og seks helleristingslokalitetar vart sikra og dokumentert. Resultata frå granskingane er publisert i Kulturhistorisk museum sin Varia-serie.