Nettsider med emneord «Arkeolog»

Publisert 17. okt. 2016 11:54

Om det finst ein arkeolog som verkeleg har vore kjend for folk ute i distrikta, må det være Elizabeth Skjelsvik. Ho registrerte kulturminner fyrste gong i 1948, og seinare hadde ho ansvar for dei arkeologiske registreringane for Økonomisk Kartverk ved Universitetets Oldsaksamling. I dei fyrste åra brukte ho ofte sykkel for å ta seg fram. I arkivet har vi fleire av Skjelsvik sine dagbøker frå hennar utstrakte arkeologiske reiser på Austlandet i perioden 1948-1958.