Kontrollfreak − ei utstilling av masterstudentane i museologi

Masterstudentane i museologi og kulturarv ved Universitetet i Oslo gjennomfører kurset "Utstillingsproduksjon - teori og praksis" ved Kulturhistorisk museum, UiO. Utstillinga Kontrollfreak handlar om domestisering, og utforskar tema slik som veret, mjølkeproduksjon og domestiseringar av mennesket.

Wikimedia commons: State Library of South Australia (Flickr: Hand milking a cow) CC BY 2.0

Studentane har fått oppgjeve domestisering som overordna omgrep, og dei tre gruppene har vald følgjande tema:

a. I denne delen av utstillinga fokuserer vi på mjølkeproduksjonens kjende og ukjende sider. For mange er det kjende ein mjølkekartong i kjøleskåpet. Den grøne beitemarka er kanskje det vi assosierer med mjølk, men også det biletet industrien gjev oss. Det ukjende for dei fleste er det intrikate systemet som ligg bak mjølkeproduksjonen.

b. Ver-delen av utstillinga tek for seg måtane menneske brukar ritual og vitskapeleg teknologi for å berekne eller kontrollere veret. Vi viser vermagi, kva instrument vi har utvikla for å måle veret, og teknikken skysåing som kan brukast til å framkalle regn, snø eller klårver.

c. Blir menneske domestisert slik som dyr? I så fall, kven domestiserar oss? Og kan vi også domestisere oss sjølve, kanskje utan å tenke over det? Vi utforskar desse spørsmåla, og sjølve omgrepet domestisering ved å sjå nærmare på seleksjon av genar og eigenskaper vi ynskjer å føre vidare, og korleis samfunnet og oss sjølve på ulike måtar kan seiast å domestisere oss.

Utstillinga opnar 23. februar, følg prosessen på utstillingas side på facebook

 

Publisert 28. jan. 2016 14:15 - Sist endra 25. mai 2020 07:34