Verdas fyrste dollar

Den fyrste sølvdollaren frå 1794, verdas dyraste mynt blir utstilt saman med ei av dei fyrste utgåvene av Den amerikanske uavhengigheits-erklæringa.

Bildet kan inneholde: mynt, valuta, penger, metall, gjenstand.

National Numismatic Collection, National Museum of American History

Den fyrste sølvdollaren er eit ikon i moderne mynt- og pengehistorie. Frå ein beskjeden start i 1794 då 1758 stykke blei prega ved Myntverket i Philadelphia til verdas mest utbreidde valuta i det 20. hundreår.

Få myntar har fått større plass i moderne mynthistorie enn sølvdollaren. Sjølve symbolet på fridom, suksess og makt.

Den amerikanske Kongressen bestemte at sølvdollaren skulle bli prega med fridomsgudinna på den eine sida og ørn på den andre, motiv som spelar på fridom, styrke og uavhengigheit. Det er fridomsgudinnas lange hår som har gjeve mynten namnet "Flowing hair".

Sølvdollaren som skal utstillast på Kulturhistorisk museum er det best bevart eksemplaret av den fyrste sølvdollarutgjevinga frå 1794. Mange meiner dette er den aller fyrste sølvdollaren som blei prega.

I tillegg blir ei av dei fyrste utgåvene av Den amerikanske uavhengigheitserklæringa utstilt. Trykt av John Dunlap 5. juli 1776, dagen etter at originalen blei underteikna. Ein ikonisk mynt og eit historisk dokument aldri tidlegare blitt vist utanfor USA.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Myntkabinettet og Samlarhuset.

Publisert 27. jan. 2016 15:31 - Sist endra 25. mai 2020 07:34