Ingrid F. Tømmervik

Tullinløkka hentar på ny fram sin identitet. Eit konstruert landskap i ein urban setting, kvar minnet om Bislettbekken straumar gjennom byrommet.

Ideen om Tullinløkka har alltid vert tilstede. Allereie i 1840-åra vart det lagt planar om Tullinløkkas rolle i Oslos byutvikling. Planane hadde derimot lang realiseringstid. I mellomtida har Tullinløkka hatt mange bruksområde og formål. Identiteten til Tullinløkka ligg i alt kva Tullinløkka var gjennom de kommande tiåra. I 1938 vart Tullinløkka gjort om til parkeringsareale og vart verande det fram til 2000-talet. Byrommet har i nyare tid vert prega av midlertidigheit og opplevast som ventande. Tanken er at Tullinløkka på ny må hente fram sin identitet, som vart mista undervegs.

Tullinløkka tilbake til da Bislettbekken skar gjennom det bølgande landskapet, og knytte det til dagens byrom. Minnet om Bislettbekken skal straume over belegget gjennom eit landskap konstruert av ni høgder. Byrommet skal vere ein samlingsstad og tilretteleggje for fleirbruk, samstundes som det skal vere ein like naturlig destinasjon i kvardagen.

Se prosjektplansje.

Publisert 28. apr. 2022 12:51 - Sist endra 9. mai 2022 08:08