Kvifor vikingtid?
Vikingtida representerer for mange ein periode som er prega av oppdagingar, fridom og store utfordringar.

Catoira of Spain
Ei tid då moralen var eintydig og kvar enkelt var sin eigen lykkes smed. Ei tid der mot og dristigheit, men også ære og klokskap blei påskjøna. Dei sosiale spelereglane var enklare å ta omsyn til, slekta og slektas ære var i sentrum. Vår tid er i stadig endring, den er meir kompleks og det blir stilt store krav til den enkelte om å vera tilpassingsdyktig. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at det vi oppfattar som livet i vikingtida verkar forlokkande på det moderne menneske. Vi skal heller ikkje gløyme at det å kle seg ut, kampleik, teltleir og samling rundt bålet har eit aspekt av leik og underhaldning.