Antroblikk 2017
Masterstudentane i sosialantropologi viser si årlege fotoutstilling frå feltarbeid jorda rundt.

Under årlege festivalar viser dei adelege fram både hestekunstar og utstyr til hest og ryttar. Dei unge prinsane blir sett på som gamle nok til å delta når dei sjølv kan sitje oppreist på ein hest. Foto: Cecilie Baann frå hennar feltarbeid i Nord- Nigeria.
Kvart år reiser masterstudentane i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo på feltarbeid for å utføre forsking til masteroppgåva si. Dei vel sjølv kvar dei vil reise, tema for sine feltarbeids-studium og kva dei vil samle inn.
Denne utstillinga gjev eit innblikk i kvardagen i felt og viser kva mangfald av ulike land, folk og tema studentane har møtt. I denne utstillinga inviterer vi til ei reise gjennom 12 ulike stadar i verda.
God fornøyelse!
Kontaktperson på museet Tone Cecilie Karlgård