Antroblikk 2018
Innblikk i felt. Masterstudentane i sosialantropologi viser årets feltarbeid i tekst og bilete.

Foto: Eline Tomine Olafsrud, 2018

Kvart år dreg masterstudentene i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo på feltarbeid for å gjera forsking til deira masteroppgåver. Dei vel sjølv kvar dei vil dra og kva dei ynskjer å studere.
Ved å samle inn og skrive ned empiriske data, gjennom observasjonar og deltaking i dagleglivet, får studentane eit innblikk i kva som er viktig for folk i deira liv.
Feltarbeid på tvers av kulturar
I denne utstillinga inviterer masterstudentane oss med på deira fyrste etnografiske feltarbeid. Det er ein visuell representasjon av det utrulege mangfaldet av land, folk og tema som studentane har studert i felt, og skrive deira masteroppgåver om.
