Brosjyre

Bildet kan inneholde: tegnefilm, mennesker, sosial gruppe, illustrasjon, animert tegneserie.

Illustrasjon: Emma Olsen

Homofil, lesbisk, bifil eller skeiv

Bok- og fotoutstillinga Gay Kids handlar om gutar eller jenter som får eller ynskjer seg homokjærast som ungdom eller vaksen. Det å være homofil handlar om forelsking. Dei fleste av oss har nok ei kjensle av kva det vil seie å forelske seg. Likevel kan det vera vanskeleg å forklare kva kjærleik er for noko med setningar og ord. Heldigvis er det slik at når ein er forelska, så berre veit ein det! Då har ein funne ein bestevenn som får hjartet til å danse, og så vil ein vera saman heile tida. Og så kan ein få litt vondt i magen dersom den du er forelska i ikkje vil vera kjærasten din. Å ha kjærleiksorg kan vera litt trist og leit, men den går nesten alltid over.

Det finst ikkje éin, men fleire former for kjærleik eller kjærleiksforhold. Dei fleste gutar forelskar seg i jenter, og dei fleste jenter forelskar seg i gutar. Men nokre gutar forelskar seg i gutar, og nokre jenter forelskar seg i jenter. Dei som forelskar seg i personar av motsett kjønn, blir kalla heterofile. Jenter og gutar som forelskar seg i personar av same kjønn, blir kalla homofile. Nokre jenter som forelskar seg i jenter, kallar seg lesbiske. Dei som forelskar seg både i jenter og i gutar, blir kalla bifile. Og så er det nokon som synst at ord som heterofil, homofil eller bifil er gamaldagse. Dei kallar jenter og gutar som forelskar seg i personar av motsett kjønn, for streite. Og dei som forelskar seg i personar av same kjønn, for skeive.

Gay Kids: ein usynleg minoritet

Barndommen til dei barna som får seg homokjærast når dei blir ungdommar og vaksne, er svært lik all annan barndom. Men på nokre område er den forskjellig. Den største forskjellen er at dei barna som seinare kjem til å få homokjærast, lærer lite eller ingenting om den kjærleiken som dei vil oppleve når dei blir eldre. Kjærleik mellom menn og kjærleik mellom kvinner er den kjærleiken som vaksne sjeldan tør snakke med barn om. Homofil kjærleik er framleis ein av barndommens hemmelegheiter. Og det å ha hemmelegheiter i kjærleikslivet er ikkje alltid like bra. For det vi gjer i hemmelegheit, kan bli forvandla til noko skummelt, skamfullt og litt farleg. Barn og ungdommar må lære å snakke opent om homofil kjærleik. Det gjeld oss alle saman – men særleg ungdommar og vaksne som forelskar seg i personar av same kjønn.

I 2008 budde det 4,7 millionar jenter, gutar, kvinner og menn i Noreg. Dei aller fleste er heterofile. Vitskapelege undersøkingar dokumenterer at om lag tre prosent av ungdom og vaksne fortel at dei forelskar seg i personar av same kjønn. Det betyr at dersom du stiller opp 30 elevar i skulegarden, så vil i gjennomsnitt éin av dei leve som homofil, bifil, lesbisk eller skeiv når han eller ho blir ungdom eller vaksen. Det er kanskje ikkje så mange synst du. Men dersom du kan prosentrekning, så har du allereie rekna ut at det bur meir enn 100 000 vaksne Gay Kids i Noreg – meir enn 50 000 kvinner som forelskar seg i kvinner, og meir enn 50 000 menn som forelskar seg i menn.

Bildet kan inneholde: linjekunst, sosial gruppe, tekst, hode, frisyre.
Illustrasjon: Emma Olsen

Det er kvinner og menn som har eller ynskjer seg heterokjærast som er i fleirtall i Norge. Det at heterofile er i fleirtal, betyr at dei aller fleste menneska du møter eller omgåast til dagleg, forelskar seg i personar av motsett kjønn. Dei som er i fleirtall, har ofte lett for å oversjå menneske som er i mindretal. Kvinner og menn med homokjærast er det ekstra lett å oversjå. Det er fordi dei er ein usynleg minoritet. 

Som regel synst det ikkje på ei kvinne eller ein mann at dei har homokjærast eller forelskar seg i personar av same kjønn. Gay Kids ser ut som andre barn. Det gjer vaksne Gay Kids også. Sidan damer og menn med homokjærast ikkje ber ytre teikn på at dei er homofile, må dei fortelje deg at dei er homo for at du skal skjøne at dei er ”slik”. Dersom ei dame kyssar damekjærasten sin, eller ein mann held mannekjærasten sin i handa – ja, då vil du også skjøne at dei er homofile, bifile eller skeive. Men å kysse kvarandre eller halde kvarandre i handa er det ikkje alle kvinner og menn med homokjærast som tør gjera. Særleg barn og ungdommar kan vera engstelege for kva som kan skje dersom vener eller foreldre finn ut at dei ynskjer å ha homokjærast. Så då lar dei vera å seie ifrå eller å halde kvarandre i handa eller å kysse kvarandre medan andre ser på. Då er det ingen som kan sjå på dei at dei er homofile, lesbiske, bifile eller skeive.

Kjønn og kjærleik på mange måtar

Det å vera jente eller gut, kvinne eller mann, kan vera veldig mange ting. Kanskje det finst like mange måtar å vera jente på som det er jenter i Noreg? Og like mange måtar å vera gut på som det er gutar? I gamle dagar trudde ein at ein kunne sjå det på ei kvinne eller ein mann at dei hadde homokjærast. Og det utan at dei kyssa eller heldt kvarandre i handa. Ein trudde at damer som forelska seg i damer såg ut som menn, og at dei berre var opptatt av manneting. Menn som forelska seg i menn, skulle sjå ut som damer og vera opptekne av berre dameting. Absolutt alle.

Nokre vaksne synst det er litt skummelt når ei jente er det dei kallar ei "gutejente". Betyr det at ei jente nektar å ha på seg kjole, eller er oppteken av leikebilar og motorsyklar, at ho vil få damekjærast når ho blir vaksen? Ja, kanskje nokre gutejenter får damekjærast når dei blir større, men endå fleire vil nok få seg ein mannekjærast. Endå skumlare synst nokre vaksne det er når gutar leikar med dokker eller insisterer på å kle seg ut som jente. Av og til blir foreldre bekymra og tenkjer at alle gutar som leikar med dokker eller likar kjolar, blir homofile som vaksne. Nokre gutar som kler seg ut som jenter når dei er små, får seg mannekjærast, men dei aller fleste får seg damekjærast når dei blir større. Det at gutar likar å kle seg ut som ei jente når dei er små, er dessutan noko som ofte går over.

Gay Kids – samliv, kjærleik og familie

Nesten alle som har vore barn, har hatt ein familie. Det er mange måtar å vera familie på. Det som gjer ein familie til ein familie, er ikkje kven som er i familien din, men at du som barn har ein vaksenperson som gjev deg masse kjærleik, omsorg og støtte. Når barn og unge blir vaksne, stiftar dei ofte sjølv ein familie. Det vil seie at dei blir sambuarar eller gifter seg med ein dei er glad i – og kanskje får dei barn. Også kvinner som forelskar seg i kvinner, og menn som forelskar seg i menn stiftar eigne familiar. Dei blir sambuarar, gifter seg – og kanskje vel dei å få barn eller eit kjæledyr også, akkurat som heterofile kvinner og menn.

Bildet kan inneholde: sosial gruppe, tekst, tegnefilm.
Illustrasjon: Emma Olsen

Openheit og diskriminering

Fram til 1972 var homofilt samliv forbode i Noreg. Ingen veit heilt kvifor. Nokon trur det har med kristendommen å gjera. Men kjærleik mellom menn og kjærleik mellom kvinner var forbode allereie i vikingtida, og det var før kristendommen kom til Noreg. Kanskje var det fordi det budde så få og så veldig like menneske i Noreg på den tida, at menn og kvinner blei redde dersom dei møtte menneske som hadde eit litt annleis kjærleiksliv enn dei sjølve.

Heldigvis er det stadig fleire barn og ungdommar som seier: "Ikkje mobb homokameraten min!" Dei fleste synst no at homofil kjærleik er like mykje verdt som heterofil kjærleik. I 2008 innførte norske myndigheiter ein reell likskap for lova mellom homofile og heterofile. Ved at lesbiske kvinner og homofile menn no kan gifte seg, har denne kjærleiksminoriteten akkurat dei same rettigheitene og forpliktingane på papiret som heterofile kvinner og menn. Derfor opplever dei fleste unge og vaksne Gay Kids liva sine som fine og positive. Akkurat like fine og positive som liva til unge og vaksne Straight Kids.

Og det er bra. For Gay Kids som er tru mot seg sjølv, lever gode, morosame og lykkelege liv. Jenter og gutar, kvinner og menn med homokjærast er modige, flotte og kloke menneske. Derfor er det viktig at dei blir høyrt og sett. Dei fleste Gay Kids i Noreg har det veldig bra. Det gjeld ikkje berre Gay Kids-ungdommar som bur i Oslo, men Gay Kids i alle alderar og over heile Noreg. Gay Kids som bur på Vestlandet, Sørlandet og Nord-Norge er akkurat like glade, lykkelege og kreative som Gay Kids som bur i Oslo.

Nokre barn og ungdommar har framleis negative haldningar til homofili. Det å ha ei negativ haldning tyder ofte at ein har eit nedlatande syn på menneske som er litt annleis enn ein sjølv. Ein synst at menneske som er annleis, er mindre verdt som menneske. Det treng ikkje vera at ein er homofil. Å ha ei negativ haldning kan vera at ein meiner at det er finare å kome frå Oslo enn å vera same og kome frå Nord-Norge, eller at livet som døv eller funksjonshemma er mindre verdt enn livet som høyrande og funksjonsfrisk. Eller at det er betre å være gut enn å vera jente. Når gutar ropar "jævla hore" etter jenter i skulegarden, så er det utrykk for ei nedlatande haldning overfor jenter. Det er også utrykk for eit uakseptabelt menneskesyn når ein ropar "jævla pakkis" eller "svarting" eller "jævla homo" etter gutar eller jenter i skulegarden. Dersom du er blant dei som synst det er heilt greitt å rope "jævla homo" etter nokon – då kan du vel rope "jævla hetero" i staden? Og dersom du ikkje synst det er kult å rope "jævla hetero", då bør du slutte å bruke slike ord på ein nedsetjande måte.

Forskarar har funne ut at éin til to prosent av heterofile ungdommar blir dagleg mobba på skulen. Når forskarane spurte homofile ungdommar om det same, svarte 1 av 20 jenter som forelska seg i jenter, at dei blei mobba dagleg (5 %). Litt meir enn 4 av 20 gutar som forelska seg i gutar, svarte det same (23 %). Det betyr at ungdommar som forelskar seg i personar av same kjønn, er meir utsett for mobbing enn jenter og gutar som forelskar seg i personar av motsett kjønn.

Publisert 3. apr. 2020 10:52 - Sist endra 14. des. 2020 09:25