Myntutstilling - Gay Coins - kule myntar som også finst

Så langt ein veit har kjærleik mellom personar av same kjønn eksistert til alle tider, uavhengig av ytre forhold.

Bildet kan inneholde: tekst, font, gul, linje, logo.

Korleis homoseksualitet blir og har vore sett på i eit samfunn, er derimot svært ulikt. Det er eit tankekors at kjærleiksforhold mellom personar av same kjønn ofte blei sett på som meir naturleg i tidlegare historiske epokar, enn i dag. Her viser vi myntar med nokre av dei kjende, homofile, historiske personane – dei fleste av dei kongelege. Kor mange homofile statsleiarar kjenner vi til i dag?

Sappho (ca. 610 - 550 f.Kr.)

Bildet kan inneholde: metall, gull, messing, bronse, bronse.
Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty

Kvinneleg, gresk diktar frå øya Lesbos. Ho er mest kjend for sine frodige kjærleiksdikt som prisar unge kvinners venleik. Sappho blei skulda for ”upassande” forhold til minst tre kvinner. Sidan Sappho var frå Lesbos blei hennar poesi ofte kalla ”lesbiske dikt”. Dette er også opphavet til omgrepet ”lesbisk” som i dag er uttrykk for kvinneleg homofili.

Aleksander den Store (356 - 323 f.Kr.)

Bildet kan inneholde: metall, mynt, hode, penger, stempelforsegling.
Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty

Konge av Makedonia og erobrar. Aleksanders rike hadde enorm utstrekning, frå Hellas i vest til India i aust, og omfatta blant anna område i dagens Libya, Egypt, Afghanistan, Irak og Iran. Aleksander gifta seg fleire gonger, men næra ein lidenskap for mannlege elskarar heile livet. Heilt ifrå barndommen av var Hefaiston hans store kjærleik. Hefaiston døydde året før Aleksander og kongens sorg kjente ingen grenser. Kjærleiksforholdet mellom Aleksander og Hefaiston er blant historias mest segnomspunne og omtala.

Romerske keisarar: Julius Caesar (100 - 44 f.Kr.)

Bildet kan inneholde: ammonitter, mynt, metall.
Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty

Det finst gode bevis for homoseksuelle forhold blant romerske keisarar, og blant dei mest kjende er Julius Caesar, Tiberius, Nero og Trajan. Mange av de ”sjokkerande” historiene om dei er nok overdrivne og kritikklaust attgjeve av forfattarar som ville sverte deira namn og rykte av politiske grunnar. Julius Caesar (død 44 f.Kr.) skal ha hatt eit intimt forhold til sjølvaste kongen av Bithynia, Nikomedes. Det gjekk også rykte om at seksuelle tenester låg til grunn for at den seinare keisar Augustus blei adoptert av Caesar. Tiberius (14 - 37 e.Kr.) blir skulda for å ha utnytta unge gutar under opphalda i keisarvillaen på Capri.

Romerske keisarar: Nero (39 - 68 e.Kr.)

Bildet kan inneholde: mynt, metall, gull, bronse, penger.
Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty

Nero (54 - 68 e.Kr.) hadde eit nært forhold til ein kastrert ung mann, Sporus. Han blei kledd opp og behandla som keisarens hustru. Seinare ”gifta” Nero seg også med Doryphoros.

Romerske keisarar: Trajan (53 - 117 e.Kr.)

Bildet kan inneholde: mynt, penger, valuta, metall, sølv.
Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty

Det er lite spor etter liknande utskeiingar hjå keisar Trajan (98 - 117 e.Kr.). Han gjorde enorme erobringar, og administrerte riket godt. Han var godt likt i samtida og blir respektfullt skildra av historieforfattarar. Forfattaren Dio Cassius seier at han rett nok veit at Trajan var svært opptatt av ”unge menn og av vin”, men at det aldri gjekk ut over Trajans keisargjerning.

Romerske keisarar: Hadrian (76 - 138 e.Kr.)

Bildet kan inneholde: metall, mynt, lettelse, nikkel, valuta.
Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty

Hadrians lidenskapelege forhold til ynglingen Antinous er blant historias store kjærleiks-historier. Antinous er avbildet på tusenvis av skulpturar, myntar og smykkesteinar, men få detaljar er kjent om livet hans. Det er mogeleg at Hadrian møtte han som student i Athen.

Bildet kan inneholde: mynt, valuta, metall.
Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty

Sikkert er det i alle fall at Antinous blei med i keisarens følgje på reiser rundt Middelhavet. Men til sist drukna han under mystiske omstende i Nilen i Egypt, berre atten eller nitten år gamal. Keisar Hadrian var utrøysteleg og beordra å byggje ein heil by, Antinoopolis, ved Nilens breidd. Då ruinane av byen blei undersøkt på Napoleons ordre i 1798, blei heile 1344 statuar av Antinous katalogisert.

Dronning Christina (1626 - 1689)

Bildet kan inneholde: mynt, penger, valuta, metall, hode.
Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty

Frå dronningens samtid og fram til i dag har mange vore pirra av den svenske dronning Christinas kjønnsidentitet. Så seint som i 1965 opna ein dronningas grav for å undersøkje om skjelettet høyrde til ein mann eller kvinne. Ho skal ha vore mandig av utsjånad og åtferd, lite jålete og kunne vera brutal. Dronninga var oppteken av kvinners utdanning og sjølvrealisering utanfor ekteskapet. Christinas sensasjonelle abdikasjon setjast av mange i samanheng med konverteringa til katolisismen. Men det er no klart at ho vurderte å seie ifrå seg trona fleire år før ho blei kjend med jesuittane og seinare katolisismen. Berre 20 år gamal skreiv ho at ho heller vil døy enn å gifte seg med ein mann. Og ho innleia eit livslangt forhold til den vakre Ebba Sparre. Til mange sine protestar og store forundring fortsette forholdet sjølv etter venninnas giftemål.

Frederik den Store (1712 - 1786)

Bildet kan inneholde: mynt, penger, valuta, metall, nikkel.
Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty

Frederik den Store av Prøysen levde det meste av livet med andre menn. Som ung hadde han eit stormande forhold til ein seks år eldre generalson, Hans Hermann von Katte. Kong Frederik Vilhelm, Fredriks far, var berykta og han behandla sonen veldig dårleg. I 1728 blei Frederik og von Katte fengsla under eit forsøk på å røme landet. På farens ordre blei von Katte seinare halshogd utanfor prins Frederiks cellevindauge, medan prinsen blei tvungen til å sjå på. Etter lauslatinga frå fengselet måtte tronarvingen Frederik, på farens befaling, gifte seg. Noko eigentleg samliv med dronninga av Prøysen blei det aldri. Då Frederik blei krona i 1740, installerte han dronninga i eit eige slott i Berlin. Sjølv heldt kongen hoff – utan ei einaste kvinne – i sin residens i Potsdam. Mange betrakta Frederik som Europas håp og under hans regime voks Europas intellektuelle sentrum i Tyskland. Voltaire og Emmanuel Kant var berre to av storheitene som blomstra i denne glansperioden.

Kjelder

  • Elisabeth Aasen, Barokke damer. Oslo: Pax forlag 2003
  • Louis Crompton, Homosexuality and Civilization. Cambridge,
  • MA og London: Harvard University Press 2003
  • Leigh Rutledge, The gay book of lists. Boston 1987
Publisert 3. apr. 2020 11:43 - Sist endra 14. des. 2020 09:25