Gudekvad

Ei utstilling om norrøn mytologi av Thorolf Darje.

Historisk Museum 24. mars - 23. september 2001.

Bildet kan inneholde: moderne kunst, maleri, kunst, fiktiv karakter.

Dersom du vil sjå Odin i kvitauget, må du strekkje nakken – her er han 3,5 m høg!

Velkommen til Gudekvad ei spennande og fargesterk utstilling om norrøn mytologi, laga av arkitekten og kunstnaren Thorolf Darje. Ordet kvad tyder hyllingsdikt, og utstillinga er ein hyllest til dei gamle norrøne gudane. Mytane som blir fortalde byggjer på litterære kjelder – fyrst og fremst nedteikningar gjort av Snorre Sturlason.

Utstillinga visualiserer norrøn mytologi på ein dramatisk måte. På mange måtar kan ein sjå på Gudekvad som ei førestelling der bileta har hovudrollene, omvisaren forklarar hendingane.

Bildet kan inneholde: oransje, kunst, illustrasjon, fiktiv karakter.Gudekvad er spesielt eiga for barn. Den appellerer til fantasien og spelar på sansane:

Rommet er mørkt. Opplyste bilete og figurar i sterke fargar omgjev oss. Vi bevegar oss i rommet gjennom fantasifulle segn om dei norrøne gudane. Her møter vi krigsguden Odin, toreguden Tor og fruktbarheitsguden Frøy. På Idavollen står verdstreet, Yggdrasil, og alle dyra. Bli med til Midtvinterblotet og opplev «Odinskvadet».

Mytane som blir fortalde handlar mykje om skjebne. Dei byrjar enkelt, men blir avslutta i djup dramatikk. Du opplever korleis ein guddom blir skapt, men også den tragiske slutten i verdas undergang.

Oldsaksamlingas skuleteneste tilbyr omvisingar for alle klassetrinn og for studentar på lærer- og førskulelærarutdanninga. Utstillinga eignar seg spesielt godt for småskuletrinna:

  • som eit spennande møte med dei norrøne gudane
  • som eit supplement til undervising om vikingtida
Publisert 17. mars 2020 08:36 - Sist endra 9. feb. 2021 11:54