Kaupang – vikingbyen

Etter tre år er dei arkeologiske utgravingane ferdige. No stiller vi ut det arkeologane fann etter vikingane i det som må ha vore Noregs fyrste by.

Bildet kan inneholde: kart.

Foto: Flemming Bau, 2004

Historisk museum i Oslo, 4.6.2004 – 6.3.2005.

Bildet kan inneholde: font, tekst, logo, merke, svart og hvit.

På 800-talet fanst berre ein einaste stad i Noreg som med nokon rett kan kallast ein by. Den låg på ei strand ved Viksfjorden i Larvik kommune i Vestfold der garden Kaupang ligg i dag. Den blei grunnlagt på same tid som dei fyrste vikingangrepa sette inn på De britiske øyer og på kontinentet. I si samtid blei staden truleg kalla kaupangen i Skiringssal. I denne vesle byen budde det kanskje 400-600 sjeler og der fekk bylivet i Noreg si spede byrjing for vel 1200 år sidan.

Bildet kan inneholde: kart.
Foto: Flemming Bau, 2004

Utstillinga viser kaupangens posisjon i vikinganes verd og vikingsamfunnet. Mange av dei ca. 100.000 funna frå utgravingane er utstilt; dei arabiske sølvmyntane, gullmynten frå Dorestad, fleire hundre glasperler, smykke av gull og bronse, keramikk, våpen, reiskapar, med meir.

Fagleg ansvarleg for utstillinga er professor og leiar for utgravingane Dagfinn Skre.

Ressursar

Original versjon

Sjå utstillingssida i den opphavelege versjonen

Publisert 1. apr. 2020 10:22 - Sist endra 14. des. 2020 09:26