Kopi
Studentar på Program for museologi og kulturarvstudier tek utgangspunkt i «kopi» i årets studentutstilling.

“Tenk om kopiering, snarare enn å vera eit avvik […] er ein grunnleggjande tilstand eller eit vilkår for at noko, menneskeleg eller ikkje, i det heile tatt kan eksistere?” – Marcus Boon
Det er kjend at musea tek vare på autentiske gjenstandar. At musea faktisk både lagar og tek vare på kopiar er det kanskje ikkje alle som veit. Verda er full av kopiar. Då blir det ekstra interessant å tematisere kopien i museet.
Masterstudentane ved museologi og kulturarvstudier ved Universitetet i Oslo har denne våren produsert ei utstilling i Den raude sona ved Kulturhistorisk museum. Tema for utstillinga er kopi: kopi som sosialisering, mennesket som kopi, masseproduksjon og kulturell kopiering. Gjennom dette prosjektet bidreg studentane til forskingsprosjektet «Museum: A Culture of Copies».
Les meir om masterprogrammet i museologi og kulturarvstudier ved UiO