English version of this page

Batikk i Malaysia i hundre år

Bildet kan inneholde: kunst, tekstil.

Dette biletet frå ei marknadsbod er tatt i 2003, men kunne like gjerne vore tatt for 20 eller 30 år sidan. Kvinnene har alltid hatt ein framtredande posisjon i handel med batikk.

Kort historie og stor kreativitet

Kort historie og stor kreativitet kan vera stikkord for den kommersielle produksjonen av batikk i Malaysia. Den går berre ca. 100 år tilbake i tid, men til gjengjeld har denne korte historia vore full av liv og rørsle.

Vi kjenner til at malayar på austkysten eksperimenterte med stofftrykk utan voks på byrjinga av 1900-talet. På 1920-talet tok ein i det same området i bruk ein rammetrykkteknikk for å kunne produsere mønstra stoff raskt og billig. Fyrst rundt 1930 byrja den 'eigentlege' batikkproduksjonen der ein stemplar med voks direkte på stoffet (Arney 1987).

Lenge før denne produksjonen kom i gang var batikk, spesielt den frå Java, brukt og kjent i heile det området som nå utgjer Malaysia. Det var teknikkar og mønstertradisjonar frå Java som danna skule i byrjinga. Framleis går dekorelementa frå tradisjonelle javanesiske tekstilar att i ein stor del av dei stoffa som blir produsert, både med blokktrykk og rammetrykk.

Kopiering og nyskaping

Kopiering og nyskaping kan vera andre stikkord for batikkproduksjonen i Malaysia. Sjølv om arven frå Java framleis kan sporast, har det også skjedd ei delvis frigjering frå denne og ei vidareutvikling på eigen grunn. Dette gjeld både teknikk, design og produktutvikling.

Særleg representerer den handmalte batikken frå siste del av 1900-talet noko nytt, nettopp ved at det er ein teknikk som skil seg frå den javanesiske handteikninga. Det tyder for det fyrste ein ytterlegare forenkling av produksjonsprosessen og for det andre opnar den for friare individuell utfalding.

Det er etablert ein heilt ny designtradisjon der fritt teikna motiv på einsfarga botn dominera biletet. Enkelte tekstilkunstnarar står frå tid til annen fram som klare nyskaparar, medan mange følgjer etter og kopierer. Slik har for eksempel ei type silkeskjerf med blomstermotiv etter kvart mista sin opphavelege ’eksklusivitet’ og blir opplevd lett som konvensjonelle.

Eit tyngdepunkt i nordaust

To forhold er av vital tyding for å forstå mange sider ved batikkens plass i Malaysia. Det eine er produksjonens tyngdepunkt i nordaust, det andre er verksemdas enkle teknologi.

I dei nordaustlege statane Kelantan og Terengganu har det vore lite annan industri, og produksjon og sal av batikk har dermed gjeve verdifulle arbeidsplassar. Særleg rundt byane Kota Bharu og Kuala Terengganu ligg batikkfabrikkane tett. Malayane utgjer over 90 prosent av folkesetnaden i desse to delstatane, og både framstilling og handel med batikk har vore ein malayisk nisje i dette fleiretniske samfunnet. Det har med andre ord vore ein eineståande mogelegheit for malayisk entreprenørskap i eit samfunn der andre grupper har dominert handel og industri.

Særlig for staten Kelantan har også nærleiken til Thailand betydd mykje både økonomisk og kulturelt. Det har alltid vore ein livleg grensehandel. Både i folklore og i handverkstradisjonar er det tydelege likskapar. Frå austkyststatane går handelsvegane til resten av Malaysia, sjølv om det etter kvart også har vakse fram ein betydeleg produksjon av batikk på vestkysten. Men på vestkysten er den malayiske dominansen i batikksektoren i ferd med å minke.

Lågteknologiens styrke

Det andre viktige forholdet ligg i det relativt enkle og lite kostbare produksjonsutstyret, og korleis sjølve produksjonen har vore organisert. Lågteknologiens underfundige styrke er fleksibilitet. Det er enkelt å etablere produksjon og enkelt å innskrenke i nedgangstider.

Verkstadene er ofte små familiebedrifter, og delar av stoffdekoreringa kan setjast bort til kvinner i nabolaget. På denne måten blir både forteneste og tap spreidd. Dessutan blir det opparbeidd eit kunnskapsreservoar - svært mange menneske i bedriftenes nærområde har basiskunnskap i batikkproduksjon. For bedriftene er dette er ein kunnskapsreserve som kan utnyttast, og enkeltpersoner kan også lage små mengde handteikna batikk på individuell basis og som ein deltidssyssel.

Den statlege salsorganisasjonen KARYANEKA er ein viktig aktør i utviklinga av malaysisk batikk.

Stat og marknad

Batikksektoren har i det store og heile vore driven fram av frie produksjonstiltak og ein fri marknad. Då landet blei sjølvstendig, var myndigheitene opptatt av å støtte utviklinga, særleg i det malayiske befolkningssegmentet. Arbeidet fekk eit meir handfast uttrykk etter at New Economic Policy blei lansert i 1971. Dette har også rørt ved batikksektoren på fleire måtar.

Det gigantiske utviklingsprogrammet MARA yter etableringsstøtte til malayar, og driv undervisingsinstitusjonar på nær sagt alle yrkesområde. Mange batikkunstnarar har fått si opplæring på MARAs Institute of Technology.

Ein annan sterk statleg organisasjon er Kraftangan som koordinerer og støttar ei rekkje tiltak innan kunsthandverk. Kraftangans salsavdeling er KARYANEKA som har underavdelingar med butikkar i dei fleste delstatar. KARYANEKA går dels ut og bestiller varer frå produsentar, dels vel dei ut etter visse kvalitetskriterier blant produsentar som sjølv tilbyr sine varer.

Men mange batikkprodusentar og handelsfolk opererer utanfor desse statlege institusjonane, og det finst også ei rekkje private skular som utdannar batikkdesignarar. Mykje av opplæringa skjer framleis ved direkte deltaking i produksjonsprosessen, ikkje minst innanfor dei små familiebedriftene.

Publisert 27. mars 2020 09:57 - Sist endra 2. feb. 2021 14:38