English version of this page

Batikk ved tusenårsskiftet

Frå sarong til produktmangfald

Berre få tiår tilbake var saronglende det viktigaste omgrepet når det gjaldt batikk, og ladd med bruksmangfald og meiningsmangfald. I dag finst i staden eit større mangfald av produkt, samtidig som batikkens symbolske tyding har fått nye dimensjonar.

Mange produktpåfunn

Alt som kan lagast av voven tekstil, kan lagast i stoff med batikkmønster. Produkt som vanlegvis bli laga i andre materiale, og til dels er meir funksjonelle i andre materiale, kan også lagast i batikk - slik som postkort, drakar, portemonear, brevmapper, og fotorammer. Dette mangfaldet finst fyrst og fremst i suvenirbutikkane.

Nye draktskikkar

Saronglengde blir framleis produsert i store mengder, og finst som før i rikt utval hjå tekstilhandlarane i marknadsbodene. Men den klassiske sarongen har blitt ’forvist’ til heimesfæra, og er ikkje lenger ein dominerande del av kvinners påkledning i det offentlege rom.

Eit batikkprodukt som stadig stadfester sin plass, er ei handmåla stofflengde (ca. fire meter) som er tilstrekkeleg til å sy ei heil drakt, med langt skjørt og overdel. Her er knytesarongen avløyst av eit skjørt der faldane er sydd fast på ein linning, og kebaya-blusen har tapt terreng i forhold til den lange og lause baju kurung. I den grad kebaya-blusen framleis er i bruk, har også den blitt lengre og mindre ettersittande. Dette må utvilsamt sjåast i samanheng med ein stadig strengare islamsk kledekode i mange malayiske miljø.

Representative plagg

Om den klassiske sarongen har tapt terreng som obligatorisk draktstykke, så har andre plagg av batikk erobra plass som formell påkledning. Ei langerma skjorte av batikk - anten trykt eller handmåla - er korrekt påkledning for menn ved formelle høve. Avisene viser mange bilete av politikarar i batikkskjorte i ulike slags samankomstar. Antrekk i batikk er også mykje brukt som arbeidsuniform i yrke der utøvarens synlegdom og framtoning er viktig - som servitørar og skrankepersonale i hotell og flykabinpersonale.

Rundt 1980 framsette myndigheitene eit sterkt ynskje - nærmast eit påbod - om at alle offentlig tilsette skulle gå i batikkantrekk på jobb ein dag i veka. Dette forsøket mislykkast. Eit morosamt eksempel på kledekode finn ein på feriestaden Genting Highlands. Der finst eit kasino, og for å sleppe inn i dette må ein skifte ut t-skjorta med noko meir formelt. Utanfor inngangen heng det derfor eit stort utval av batikkskjorter til sals eller til leige.

I alle desse samanhengane er batikkens signaleffekt ei hovudsak - den er eit nasjonalt symbol. Malaysia er i utgangspunktet fleiretnisk. Når så batikken har vore sterkast assosiert med den malayiske delen av folkesetnaden, blir eit hint om at det malayiske elementet er grunnstamma i nasjonalstaten formidla.

Det eksklusive og det ordinære

Det er fleire kriterium som kan brukast for å skilje mellom det eksklusive og det ordinære. Det kan vera stoffkvaliteten, det kan vera kvaliteten på handverket, og det kan vera sjølve motivet: Er det eit originalt kunstnarisk uttrykk, eller ein gjentaking av noko som har blitt velkjent. Eit batikkstykke kan bestå av eit utsøkt silkestoff, det kan vera perfekt utført, men motivet kan vera konvensjonelt. Den handteikna malaysiske batikken representerte ei nyskaping då den kom, men blomemotiva som raskt blei populære kan no lett framstå som stereotype. Det finst batikkunstnarar som heile tida leitar etter nye vegar, og til dels frigjer seg heilt frå den nedarva motivkretsen, og det er andre som fornyar seg innanfor denne.

To suksessrike eksempel på dette siste er YUZAIRI, eit tomanns team som arbeider i Kota Bharu, og Atma Alam på Langkawi. YUZAIRI er ein del av den unge tradisjonen med handteikning av motiv frå flora og fauna, men finn nye vinklar, for eksempel i fargeval eller ved å la ein enkelt blome eller plantedel fylle ei hel saronglengde. Denne trenden har også andre tilhengarar blant dei mindre etablerte. Atma Alam er eit senter med verkstader og butikkar som blir drive av eit ungt kunstnarektepar. Batikken som blir seld der er lokalt produsert, både handteikna og blokktrykt. Den spenner over eit stort register frå ganske eksperimentelle mønster til stykke som ligg innanfor det tradisjonelle, men då ofte med overraskingsmoment for eksempel i fargeval.

Biletkunst

Den store føregangsmannen for å framstille måleri i batikkteknikk var Chuah Thean Teng. Han blei mest kjend for bilete med motiv frå malayisk landsbyliv og skapte dermed ein populær trend. Motivkrets og utføring har sidan fått mange nye dimensjonar.

Publisert 27. mars 2020 10:17 - Sist endra 21. des. 2020 11:30