English version of this page

Designtradisjonar – arven frå Java

Batikktekstilar har spela ei vital rolle i indonesisk kultur og samfunnsliv i fleire hundre år. Saman med litteratur, dans, dokketeater (wayang kulit) og musikk (gamelan) utgjer batikk eit viktig element i tradisjonell javanesisk kunst. Sjølv om ein ikkje er sikker på når batikk oppstod som fargeteknikk, eller om den er lokal eller innført, utgjer batikkens kunstnariske innhald ein syntese av påverknad frå mange ulike kulturar.

I mange hundre år før vår tidsrekning eksisterte handelskontakter mellom folka rundt Det indiske hav. Ved byrjinga av kristen tid blei Kina og Middelhavsområdet, med sitt enorme behov for krydder, aromatiske tresortar, harpiks og gull, innlemma i handelsnettverket. Malakkastredet mellom den malayiske halvøy og Sumatra forbann Det indiske hav og Sørkinahavet. Handelsverksemda var basert på eit system med byttehandel, med indiske tekstilar som eit viktig betalingsmiddel.

Hinduistisk og buddhistisk påverknad

Mot slutten av det 7. hundreåret byrja hinduistisk og buddhistisk påverknad frå India å slå rot på øyene. I det 8. hundreåret kuliminerte påverknaden med danninga av Srivijaya-kongeriket. Dette blei etterfølgd av Majapahit-kongedømets dominans mot slutten av det 12. hundreåret. Dei store buddhistiske og hinduistiske tempelkompleksa på Dienghøysletta, og monumenta i Borobodur og Prambanam er frå denne perioden.

Frå då av gjorde indiske tekstilar, både dekorerte og ikkje dekorerte, sitt inntog i Søraust-Asia. Folka i den indonesiske øygruppa blei kjent med blokktrykte tekstilar så vel som ikat-tekstilar (sjå ordforklaring) frå Gujarat og handteikna (kalamkari) stoff frå Coromandel-kysten. Indisk ikat (patola) kom raskt i ei særstilling som heilage gjenstandar brukt i ulike ritual. Dei blei behandla som arvestykker, og det er takk vera denne skikken at nokre av dei eldste indiske patolaene har overlevd. Gjennom heile Javas tekstilhistorie har ein forsøkt å etterlikne den indiske patola. Til og med batikkmønster blir hevda å vera sterkt influert av desse ikat-stoffene.

Det indonesiske dekorative repertoaret blei på denne måten utvida med indiske motiv og symbolikk. Slangar, ynskjetreet, livets tre, det kosmiske hav, det heilage fjell (Meru), lotusblomen, monsterhovudet, ørna Garuda (guden Vishnus kjøretøy) og mange andre motiv fann parallellar i det lokale symbolrepertoaret, og blei lett assimilert og omforma for dekorative formål. Både dokketeatret med framføring av dei store indiske eposa ("Mahabharata" og "Ramayana") og batikkunsten er gjennomsyra av referansar til indisk filosofi og religion.

Islamsk og kinesisk påverknad

I løpet av det 13. hundreåret blei islam brakt til Nord-Sumatra av muslimske handelsfolk frå India. Derifrå blei den nye religionen spreidd til andre øyer, og ved slutten av det 15. hundreåret var den hinduistiske stordomsstida på Java over og nye verdiar blei introdusert i den indonesiske øygruppa. Dei muslimske herskarane hadde stor påverknad på kunsten, inklusive batikken.

Det islamske forbodet mot å lage bilete av levande vesen førte til utviklinga av komplekse geometriske og andre stiliserte motiv i kunsten. Denne regelen blei strengt følgd ved hoffa i midt-Java, men på nordkysten hadde ein ei meir tolerant haldning til dyremotiv. Dette skuldast ei ny bølgje av kinesiske handelsfolk og immigrantar som kom mot slutten av det 19. og byrjinga av det 20. hundreåret og etablerte batikkverkstader.

Europeisk påverknad

Eit ynskje om å sikre krydderkjeldene førte til europeisk kolonisering av Søraust-Asia ved byrjinga av det 16. hundreåret. Det er fyrst 100 år seinare at ordet "bathik" er nemnt i ei javanesisk kjelde og også i hollandske kjelder. Det dreia seg om ein skipslast med stoff dekorert med fargerike mønster. Batikkdekoren blei etter kvart påverka av europeisk smak. Blomemotivet (buketan) blei svært populært, sannsynlegvis inspirert av strameibroderiet som dei nye immigrantane hadde med seg. Filigransmønster som imiterte europeiske kniplingar dukka opp. Europeiske veggtapetar hadde også stor påverkndad på batikk i denne perioden.

I byrjinga av det 20. hundreåret starta fleire europeiske kvinner sine eigne verkstader. Deira design var ofte basert på element frå tradisjonell batikk i tillegg til deira eigne. Den europeiske (og særleg den hollandske) preferansen for enkelheit resulterte i design som var reint dekorativ. Før hadde identiteten til den som kledde seg i stoffa vore viktig, men etter at dei europeiske verkstadene kom, blei det ganske vanleg at batikken var signert av designaren. Vestlig individualisme blei introdusert.

Symbolspråket mista etterkvart si tyding, og motiv som tidlegare hadde vore berre for sultanen, blei brukt av vanlege folk.

Fargar og fargestoff

Inntil midten av 1800-talet blei plantefargar brukt i produksjon av batikk. Det var vanlegvis ikkje meir enn tre eller fire fargar på ein tekstil. Desse var blått i varierande sjatteringar utvunne frå blada til Indigofera-planten, raudt som blei produsert ved at bark frå Symplocos fasciculata blei blanda med rota av Morinda citrifolia og brunt laga av barken frå Soga-treet, Peltophorum pteroccupum. Ved å bruke desse fargane oppå kvarandre utvida ein fargespekteret noko. Produksjon og blanding av fargestoff var familiehemmelegheiter, og all aktivitet knytt til farging av tekstilar var dei eldre kvinnenes spesielle ansvar. Sidan byrjinga av det 20. hundreåret har kjemiske fargar gradvis avløyst plantefargane. Endringa har resultert i frigjering av kvinnene frå den strevsame oppgåva med å utvinne plantefargar. Dermed har det blitt mogeleg for dei å konsentrere seg om andre delar av produksjons-prosessen. I dag er det mennene som har ansvaret for fargingsprosessen.

I likskap med motiva, er fargane berarar av ei rekkje bodskap. I gamle dagar blei fargekoden forstått av alle, og følgd nøye. På bakgrunn av fargen kunne ein batikk knytast til ein bestemt region, eller bere bod om sosial rang, aldersgruppe eller høve.

Motiv

Tradisjonelle batikkstoffer var ladd med bodskap. Dei gav visuelt uttrykk for filosofiske og andelege omgrep hjå det javanesiske folket. Bodskapane var ofte skjult for den uinnvigde, men dei fleste som brukte stoffa forsto motivas underliggjande tyding. Kva ein har på seg, er ikkje tilfeldig. I dag kan ein bli begeistra av mønstra og vera fornøgd med den visuelle opplevinga, men ofte vil eit nærmare studium gje ein djupare oppleving.

Batikkmotiver kan generelt delast i to kategoriar ettersom dei er basert på geometriske eller ikkje-geometriske prinsipp.

Geometriske mønster

Geometriske mønster er dominert av geometriske figurar, men kan også innehalde naturalistiske detaljar som planter, dyr eller figurar frå dokketeater. Nokre av dei motiva som høyrer til denne kategorien er:

Tumpal

Bildet kan inneholde: koboltblå, blå, elektrisk blå, mønster, linje.

Tumpal er også eit veldig gamalt og populært mønster som ofte er fylt med blome- eller dyremotiv. Mønsteret består av rekkjer av liggjande langstrakte likebeinte trekantar. Det symboliserer livskraft og ein meinte dei hadde magiske eigenskaper. Mønsteret finst ofte på endane av kain panjang (langt tøystykke). Når desse endane blir sydd saman til ein sarong, blir det danna eit panel med to rader av motståande trekantar. Mellom trekantane blir det altså danna rombar i ein kontrastfarge.

Garis miring

Bildet kan inneholde: linje, mønster.

Garis miring er diagonalt parallelle mønster som er dei mest slåande og typiske i javanesisk batikk. Diagonalar og kryssande diagonalar som dannar diamantmønster blir sett på som lykkebringande. Parang (knivblad) er det mest fornemme motivet i garis miring. Dette blei i tidlegare tider berre brukt ved hoffa i Surakarta (Solo) og Jogyakarta. Etterkvart som sultanen har mista sin makt, har knivbladmønsteret blitt allemannseige.

Ceplok

Bildet kan inneholde: mønster, brun, tile, gulv, gulv.

Ceplok, basert på firkantar, rombar, sirklar og så vidare. Til denne gruppa høyrer dei sterkt stiliserte blomemotiva som blir hevda å vera imitasjonar av indiske dobbel-ikat.

Udan liris

Bildet kan inneholde: gull, brun, metall, beige, mønster.

Udan liris (lett, tåkete regn) er eit anna diagonal-mønster. Det består av repeterte diagonale rekkjer av smale band med velkjende klassiske motiv.

Kawung

Bildet kan inneholde: smykker, motetilbehør, perle, mønster, tekstil.

Kawung, basert på ein kombinasjon av firkantar og sirklar i parallelle rekkjer. Kawung-motivet var tidlegare reservert for sultanen. Den opphavelege meininga har blitt fullstendig gløymd i tidas løp.

Tambal miring

Bildet kan inneholde: mønster, brun, tile, design, organisme.

Tambal miring er eit lappverk av velkjende mønster plassert inn i trekantar, sirklar, laukliknande former, rombar og så vidare. Desse er igjen arrangert i diagonale eller horisontale rader. Dette mønsteret seiast å vera til minne om Buddhas audmjukheit. Han bar klede som var laga av filler.

Banji

Bildet kan inneholde: font, tekst, linje, mønster, design.

Banji, det omvendte hakekors frå den hindu-buddhistiske tradisjonen.

Nitik-motiva

Bildet kan inneholde: mønster, design, linje, tekstil, symmetry.

Nitik-motiva er samansett av små punkt og linjer som imiterer vevstrukturar i stoff og matter.

Ikkje-geometriske mønster

Kan ved fyrste augnekast verke meir spontane i si uttrykksform. Motiva ser ut til å vera tilfeldig plassert utover tøystykket. Ved nærmare ettersyn oppdagar ein likevel ein viss repetisjon her også. Den største og best kjende motivgruppa i denne kategorien er semen-typa (”semi”: små knopper, unge blader). Her finn ein bilete av alt som er mest frodig i javanesisk flora. Spreidd rundt i dette mangfaldet av planteliv finn ein levande vesen frå den verkelege og innbilte verda - her er føniksar, dragar, slangar, ørner (Garudaer), insekt, fisk, krabber og mange andre; alt på same tekstil! Det er berre kunstnarens fantasi som set grenser. Alle mønstra symboliserer evna til å byggje opp på ny, og fruktbarheit i jord, hav og himmel. Derfor blei batikk med slike mønster reservert til bruk for sultanen (larangan eller forbodne mønster). Ikonografien kan vidare supplerast med tempel, paviljongar og skip, alle forbunde med åndeleg kraft.

Til dei ikkje-geometriske mønster høyrer plantemotiv, fuglemotiv, dyremotiv og landskapsmotiv.

Plantemotiva

Plantemotiva kan vera slyngplanter eller tre, som banyan-treet (under dette nådde Buddha opplysing) med sitt rotsystem i lufta og under bakken. Her er stiliserte bananblad og -blomar, og lotusblomar som symboliserer reinheit og perfeksjon. I moderne semen-mønster finn vi også andre blomar, som for eksempel hibiskus.

Banan-blomen (Pisang Bali)

Fuglemotiva

Fuglemotiva framstiller verkelege og imaginære fuglar spreidd rundt i jungellandskapet. Fuglar har alltid spela ei viktig rolle både i trusførestillingar og ornamentikk i Indonesia, ørna meir enn nokon annan fugl. Ifølgje legenda rir hinduguden Vishnu på ørna Garuda. Denne fuglen blir forbunde med makt og suksess, og er no vald ut til nasjonalt symbol for republikken Indonesia.

semen-batikk blir ørna Garuda framstilt som ein enkel venge, i par eller som utflata, samanhengande vengar med ein utbretta hale.

Føniks

Føniks er eit anna populært motiv importert frå Kina, der den er eit symbol for venleik. Den blir forbunde med fred og velstand, og avverjar uhell. Føniks er framstilt som eit flygande fjærdekt vesen med lang hale og kam på hovudet.

Påfuglen

Påfuglen er eit populært motiv med røter i indisk og kinesisk mytologi. Andre fuglar ein finn i semenbatikk er blant anna hane eller kylling som symboliserer sola, mot og fruktbarheit; vidare nattergalen, dua, papegøyen, kråka og mange andre. Alle er likevel ikkje så lette å kjenne att.

Bildet kan inneholde: linjekunst, illustrasjon, tegning.
Lar
Bildet kan inneholde: illustrasjon, blad, anlegg, tre.
Mirong
Bildet kan inneholde: tegning, illustrasjon, skisse, linjekunst.
Sawat
Føniks
Bildet kan inneholde: illustrasjon, midlertidig tatovering.
Påfuglen

Andre dyr

Andre dyr som ofte finst i semenbatikk er løver og slangar eller dragar.

Løva

Løva i sin indiske form blir eit slags monsterhovud, i sin kinesiske form blir den utstyrt med krøllete man og bølgjande hale.

Slange/drage

Slange/drage er symbol på fruktbarheit, vatn og underverda. Slangane er ofte to og to med ansikta mot kvarandre eller vendt frå kvarandre.

Bildet kan inneholde: linjekunst, hode, illustrasjon, tegning.
Kala (Indisk løve)
Bildet kan inneholde: linjekunst, tegning, skisse, illustrasjon, t skjorte.
Kinesisk løve
Bildet kan inneholde: seahorse, nålefisker, illustrasjon, organisme, linjekunst.
Naga (slangen)

Landskapsmotiv

Landskapsmotiv kan være store steinar som i taoismen står for dei skapande kreftene i naturen, og skyer. Saman står dei i javanesisk mytologi for foreininga av jord og himmel. I semenbatikk er fjellkjeder også ofte i kvitt på mørk bakgrunn. Det høgaste fjellet representerer Mount Meru, sentrum i det hindu-buddhistiske univers. I javanesisk mytologi er fjella gudanes, forfedranes og overnaturlige vesens heim, og ein stad der ein kan skaffe seg magiske krefter.

Bildet kan inneholde: mønster, brun, organisme, utskjæring, design.
Skyer

Paviljong-liknande tempel

Paviljong-liknande tempel er eit anna vanlig ikkje-geometrisk motiv i likskap med skip og som symboliserer overgangen frå ei verd til ei anna.

Bildet kan inneholde: hjem.
Tempel (Candi)

Blomemotiv

Etter kvart som andre enn javaneserane (og delvis kinesarane) byrja å produsere batikk, byrja stoffa å miste sitt symbolske innhald. For eksempel har blomemønster (buketan) ingen skjult mening, dei må opplevast ut fra sin ytre venleik.

Bildet kan inneholde: tekstil, anlegg, blomst.
Bukett (buketan)

 

Publisert 27. mars 2020 11:37 - Sist endra 21. des. 2020 11:29