English version of this page

Kva er batikk?

Bildet kan inneholde: matlaging, dish, mat.

Håndtrykking av batikk. Ved hjelp av ein trykkblokk som er dyppa i varm voks blir grunnlaget for mønsteret lagt, som sidan kjem fram gjennom ein omfattande fargingsprosess. I bakgrunnen er eit utval av trykkblokker hengt opp.

Batikk er ein teknikk for å dekorere tekstilar, der delar av stoffet som ikkje skal fargast, vanlegvis blir dekt til med flytande voks før det blir farga. Voksen motverkar at fargestoffet trekkjer inn i det tildekte området under fargeprosessane.

Ordet batikk er av indonesisk opphav, og er relatert til det malayiske ord for prikk eller punkt ”titik” og det javanesiske ordet ”amba” som tyder å skrive.

Teknikken med å dekkje til eller 'reservere' delar av stoffet med ein masse eller eit flytande materiale for å skape mønster, finst mange stader i verda. Det er usikre teoriar om teknikkens opphav. Den er kjent frå India, Sri Lanka, Kina, Japan, Sørøst-Asia, Turkestan, Vest-Afrika og Indonesia.

Batikkunsten

Batikkunsten er sikkert dokumentert frå det malayiske øyriket frå 1500-talet, og spesielt på øya Java har den nådd eit veldig høgt nivå.

Javanesaranes oppfinning av canting, ein liten voksreiskap, har gjort det mogeleg å skape dei finaste batikkhandteikna tekstilar kalla for tulis (tulis kan direkte omsetjast med skrive).

På 1900-talet blei også oppfinninga av trykkblokker i kopar, cap, utvikla av javanesarane for å effektivisere produksjonen av batikkstoff.

Oppfinninga var revolusjonerande og gjorde det mogeleg å produsere kvalitetsdesign og meir intrikate mønster raskare enn ein kunne ved å bruke handmåling.

Opphavet

Opphavet til produksjon av batikk i Malaysia er vanskeleg å påvise, men det som er sikkert er at javanesarane har påverka den malayiske batikkunsten både i handverksprosessar og utforming av mønster. Malaysiarane brukte tidlegare trykkblokker av tre i sin produksjon av batikkinspirerte stoff. Fyrst i 1920-åra blei bruken av voks og koparblokkar introdusert på austkysten av javanesiske batikkhandverkarar.

Produksjon av handteikna batikk i Malaysia er av ny dato, og stammar frå den javanesiske batek tulis. Som kommersiell produksjon blei den innleia på 1960-talet. Innanfor handverket er det utvikla ein eigen estetikk og design som er særeigen for Malaysia. Denne nye batikken skil seg tydeleg frå den javanesiske tradisjonen med handmåla batikkstoff.

Batikkprosessen

Det er to hovudtypar batikk i Malaysia i dag, handmåla og trykt. Dei er ulike i produksjons-prosess, teknikk, motiv og uttrykk, og dei blir ofte klassifisert etter reiskapen som er brukt. Ved handmåling brukast canting, ein liten koparbehaldar med ein eller fleire dyser i ulike storleikar, festa til eit handtak av tre eller bambus. Fylt med flytande voks blir den bruka til å streke opp voksmønsteret på stoffet.

Ved trykking blir ein metallblokk brukt, den er laga av samansveisa metallstrimlar. Tidlegare blei også materialet frå brukte hermetikkboksar nytta. Blokka blir dyppa i smelta voks og trykt mot stoffets overflate for å oppnå mønsteravtrykk.

Voksen

Voksen er vanlegvis sett saman av bivoks, parafinvoks, harpiks, fett og ein syntetisk voks blanda i ulike forhold. Samansetjinga av voksblandinga byggjer på erfaring og dyktigheit hjå den enkelte voksblandar. Kvar av komponentane har spesielle eigenskapar som påverkar den ferdige batikkens utsjånad. For eksempel har bivoks eit lågt smeltepunkt, gjev god fleksibilitet, festar seg lett til stoffets overflate og er lett å fjerne. Parafinvoks, både gul og kvit, er skjør, slår lett sprekkar og fargestoffet trengjer gjennom voksen. Stoffet får ein marmoreffekt. Harpiks binder dei ulike ingrediensane saman og bidreg til at voksen festar seg til stoffet. Dyrefeitt eller planteolje gjev voksblandinga god fleksibilitet. Gjenbruk av tidlegare voksblandingar kan også vera ein del av samansetjinga.

Prisen på råvarene som blir brukt, er avhengig av samansetjinga av voksblandinga. Voksen som blir brukt til trykking har ein tendens til å vera laga av ei billigare voksblanding enn blandingar for handmåla silketekstilar.

Fargestoff

Fargestoff frå lokale planter og insekt blei tradisjonelt brukt i produksjonen av tekstilar. Eit eksempel på dette er bruken av blada på indigoplanter som gjev djupe blå fargetonar. I dag er bruken av kjemiske fargar vidt utbreidd. I Malaysia er bruk av reaktive fargestoff populære fordi dei er lette å bruke, har klare briljante fargar og binder seg lett til tekstiler med både cellulose og silkefiber. Den kjemiske samansetjinga i fargeproduktet som blir brukt avgjer kva fikseringsmetode som blir nytta. Fargen kan for eksempel fikserast ved å bruke natriumsilikat, eller ved å utsetje stoffet for luft.

Fargeskalaen

Fargeskalaen er variert. Den spenner frå tradisjonelle kombinasjonar dominert av blått og brunt, til klare tonar i raudt, turkis, blått, rosa, oransje og grønt. I handmåla batikk oppnår ein ulike fargetonar ved at fargen tynnast ut med vatn under målinga.

Stoff

Stoff i ulike kvalitetar og strukturar som bomull, viskose, rayon og silke blir brukt i produksjon av batikk. Silke blir vesentleg brukt til handmåling. Før voksing og farging av materialet blir industrielt produserte stoff koka eller vaska for å fjerne appretur og andre avfallsstoff. For at voksen skal feste seg betre til stoffet, blir stivelse tilsett, ei blanding av ris eller cassava. Ved finare arbeid tilsetjast også olje for å oppnå ei smidigare og jamn overflate som gjev lettare kontroll over voksinga. Til slutt strykast stoffet for å fjerne rynker og faldar. Tradisjonelt blei stoffet glatta ved at det blei banka med ei trekølle.

Handmåla batikk

Bildet kan inneholde: tekstil.
Handteikna batikk. Konturane til mønsteret har på førehand vore streka opp med varm voks. Så blir detaljane måla inn med pensel.

Handmåla batikk i Malaysia byggjer på tradisjonar frå dei handteikna batek tulis frå Java. Her blei stoffa måla på fram- og bakside ved hjelp av cantereiskapen for så å bli farga inn i fargebad.

I Malaysia skjer prosessen i dag på følgjande måte:
Det ferdig preparerte og tilmåla stoffet blir spent ut på ei tre- eller metallramme. Mønsteret blir teikna eller konturane skissa opp med ein blaut blyant på stoffet.

To tredjedelar av cantereiskapen blir fylt med flytande voks og reiskapen blir halden i ein vinkel mot stoffet. Det krevjast stor presisjon og forsiktigheit for å få til ein jamn flyt av voks frå reiskapen, som heile tida må dyppast i voksblandinga før voksen blir for kald og stivnar.

Er voksen for varm, trengjer den lett for djupt inn i fiberen og er vanskeleg å fjerne. Er den for kald, festar den seg dårleg til stoffet.

Når stoffet er ferdig voksa på den eine sida, blir det tørka. Der voksen ikkje har trengt godt nok gjennom stoffet, blir prosessen gjentatt på den andre sida.

Så fortset prosessen med å måle fargane på stoff-flatene som ikkje er dekt med voks. Det blir brukt penslar i ulike storleikar, og større flater blir måla med ein svamp.

Fargetonen kan nyanserast ved å tilføre vatn eller ved å tilføre farge. Fargane tørkar før stoffet blir fiksert. Til slutt blir voksen fjerna med varmt vatn og skyld fleire gonger for å fjerne fargestoff og voksrestar.

Metall blokktrykk

Det tilmåla stoffet blir lagt på eit polstra, rektangulært bord. Trykkaren har voksbehaldaren ved sida av seg. Blokken blir dyppa i behaldaren for å bli fylt med voks før den blir trykt mot stofflata. Prosessen blir gjentatt inntil heile stoffet er dekt med voksmønster. Det blir brukt ulike mønsterblokkar som blir bytta når mønsteret tilseier det. Etter påføringa av voks, blir stoffet dyppa i eit fargebad. Fargen fester seg på dei delane av stoffet som ikkje er dekt med voks. Frå no av vil den originale kvite fargen fyrst bli synleg etter at tøyet er vaska reint for voks.

Ved fleirfarga mønstringar vil prosessen med å vokse og farge fortsetje inntil den ynskte mengde fargar er oppnådd. Det er vanleg å byrje med å farge inn dei ljosaste fargane og avslutte med dei mørkaste. Til slutt blir voksen fjerna frå stoffet ved at det blir kokt ut i vatn, skyld og overflødig fargestoff blir vaska ut. Stoffet blir hengt opp til tørk.

Det kan vera lokale variasjonar i prosessen. I staden for å farge inn mønsteret frå den ljose til den mørke, kan ein starte prosessen med fyrst å farge inn heile stoffet med den mørkaste fargen, vanlegvis brun eller blå, for så å trykkje konturane og delar av mønsteret med voks. Stoffet blir så dyppa i ei kjemisk oppløysning som fjernar fargen som ikkje er dekt av voks. Frå no av vil den mørkaste fargen fyrst bli synleg etter at tøyet er ferdig vaska. Deretter følgjer den vanlege fargeprosessen frå dei ljose til dei mørke fargane. Med denne metoden blir konturane på mønstret meir dominerande.

Det er vanleg å kombinere blokktrykk og handmåling, noko som gjev stoffa fleire fargar og friare mønstringar på ein enklare måte enn ved bare å nytte trykkblokkane. I Malaysia i dag blir ei rekkje teknikkar brukt for å produsere batikkliknande stoff. For eksempel kan eit tradisjonelt rammetrykk avsluttast med å tilføre eit lag voks for å oppnå krakeleringar i fargeprosessen. Det kan ofte vera vanskeleg å sjå om eit stoff er ekte batikk. Eit godt kjenneteikn på ekte batikk er at framsida og baksida på stoffet er like.

Publisert 27. mars 2020 10:44 - Sist endra 21. des. 2020 11:29