English version of this page

Malaysia sin plass i verda

Bildet kan inneholde: kart, verden.
Pilene viser viktige vegar for kulturimpulsar frå vest (India) og nord (Kina og Japan). Last ned kartet som PDF.

Malaysia, Malaya, Malakkahalvøya, malay og malaysiar

Eit mangfald av namn krev ei rask oppklaring.

Malaysia

Statsføderasjon av elleve delstatar på fastlandet, og også Sarawak og Sabah på Nord-Borneo.

Malaya

Vanleg namn på fastlandsdelen, og offisielt namn under det britiske kolonistyret og i den fyrste perioden av uavhengigheit (1957-63).

Malakkahalvøya

Anna namn på fastlandsdelen. I eldre litteratur kan ein støyte på denne nemninga, eller til og med bare Malakka, for dette landområdet. Namnet Malakka har sitt utspring i eit kongedøme som på slutten av det 15. hundreåret omfatta halvøya eit stykke opp i det noverande Thailand, og delar av Sumatra. No er Malakka (eller Melaka etter den nye stavemåten) ein av dei minste delstatane sørvest på fastlandet.

Malaysiar

Malaysisk statsborgar uavhengig av etnisk bakgrunn.

Malay eller malayar

Person med malayisk etnisk tilhøyring.

Ei kompleks kulturhistorie

Geografisk dannar Malaysia ei bru mellom kontinent og øyrike. Med denne plasseringa har landområdet gjennom tusenar av år lege midt i vegen for trafikk og ei sterk gjennomstrøyming av kulturimpulsar. Sterke og varige impulsar har kome frå Kina og Japan, frå India og Midt-Austen, og i seinare hundreår frå Europa. For eksempel blei landet påverka av hinduistiske og buddhistiske impulsar frå India allereie ved byrjinga av vår tidsrekning. Då Islam byrja å breie seg i området frå det 13. hundreåret, var det også indiske handelsfolk som bringa denne religionen med seg.

Gjennom tida har folkesetnaden tatt imot det nye kulturelle stoffet og omarbeidd det vidare på bakgrunn av sine føresetnader slik at det har blitt ein integrert del av lokale kulturar. Resultatet er eit eineståande og særeige malaysisk uttrykk. Eksempel på slik omarbeidingar av kulturelt materiale finn ein på mange område, i trusførestellingar og ritual, i sosial etikette og i materiell kultur. Den indiske påverknaden er for eksempel tydeleg i hoffkultur og bryllaupskikkar. Og ikkje minst er den til stades i tekstiltradisjonar slik det også kan sporast i batikken, som er fokus for utstillinga.

Ei omskifteleg politisk historie

Banda til Indonesia er mange, og grensene er bestemt av politisk historie meir enn av kulturelle faktorar. Indonesia og Malaysia fekk sine noverande grenser bestemt ved frigjeringa frå kolonimaktene – høvesvis Malaysia frå Storbritannia og Indonesia frå Nederland. Men det 19. og 20. hundreårets kolonivelde var berre nest siste ledd i ei lang rekkje av skiftande politiske strukturar.

Ved byrjinga av vår tidsrekning var det fleire små, ustabile kongedøme som i varierande grad blei påverka av kulturimpulsar frå India.

Seinare har større imperium med vekslande grenser avløyst kvarandre i området, og felles for alle er at dei har gjort krav på delar av det noverande Malaysia, Indonesia og Sør-Thailand. Størst var Majapahit frå det 13. til det 15. hundreåret, det seinaste var Melaka, frå det 15. til det 16. hundreåret. Det var hamnebyen Melakas eineståande storleik og økonomiske maktkonsentrasjon som låg til grunn for denne dominansen. Melakas mest intense bløming fall også saman med det eigentlege gjennombrotet for islam i området. Dette gjennombrotet kom markant til syne ved at dei små lokale kongedøma blei omdanna til sultanat. Her ligg også i grove trekk grunnlaget for den inndelinga av landet i delstatar som framleis gjeld, og der dei fleste delstatane framleis har ein sultan.

Mange reknar Melakaimperiet som den eigentlege byrjinga på Malaysias historie. Portugisaranes erobring av Melaka i 1511 innleia ein periode på fleire hundre år der europeiske statar i stigande grad melde si interesse for området. Britane la under seg Penang i 1786. Det var byrjinga til ein kolonisering av det noverande Malaysia som fyrst var fullført på byrjinga av 1900-talet. I 1957 blei Malayaføderasjonen sjølvstendig, den bestod av de 11 delstatane på fastlandet, inklusive Penang. I 1963 blei Sabah, Sarawak og Singapore inkludert, og namnet Malaysia blei vald. I 1965 gjekk Singapore ut av samanslutninga, og fyrst då fekk Malaysia dei grensene som gjeld i dag.

Bildet kan inneholde: selge, tekstil, butikk, outlet store, basar.
Denne rekkja med tekstilbutikkar ligg bak den indiske moskeen i Kuala Lumpur, og blir for det meste drive av etniske indarar. Vareutvalet er i fyrste hand retta mot ein heimemarknad, men dette er også eit strøk som turistar gjerne oppsøkjer.

Eit fleiretnisk samfunn

Malaysia er eit fleiretnisk samfunn med malayar, ulike urfolk, kinesarar og indarar som dei viktigaste gruppene. Saman med stammefolka i Nord-Borneo har malayane fått ein spesiell politisk og kulturell status som bumiputra. Direkte oversett er dette ”søner av jorda”, og statusen inneber eit knippe av spesielle rettigheiter som omarbeidast i takt med samfunnsutviklinga. I Malaysia som heilskap utgjer denne gruppa vel 61 % av folkesetnaden. Kinesarane utgjer 24,5 %, indarane 7 %. (Prosentane er berekna på grunnlag av tal frå Statistisk årbok for Malaysia 2002). Samansetjinga er ganske ulik i Nord-Borneo og på fastlandet. På fastlandet sett isolert vil kinesarar og indarar utgjøre større andeler, mens malayene vil utgjøre litt over halvparten av befolkningen.

Kinesarar og indarar er etterkomarar etter immigrantar som for det meste kom under den britiske kolonitida. Ein stor del av dei etniske kinesarane er dei såkalla peranakan, som har budd i landet i fleire hundre år og har tatt opp mykje av malayisk levesett.

Alle desse gruppene er malaysiere, borgarar av nasjonalstaten, mens malay er ei etnisk nemning.

Etniske malayar er praktisk tala utan unntak muslimar. Dei tre største etniske gruppene har spela ulike roller i økonomi og politikk. Fram til frigjeringa var malayane lite urbanisert. Ein kan nesten seie at malayane bestod av ei talrik bondeklasse og ei stor mengde aristokratar som forgreina seg ut frå herskarfamiliane. I kolonitida blei malayar rekruttert til administrative og politiske roller i tråd med britanes indirekte styre som verka gjennom innfødde politiske strukturar heilt ned til landsbynivå. Malayanes plass i det politisk/ administrative hierarkiet avspegla då gjerne deira fødselsrang. Etter frigjeringa har påfallande mange topp-politikarar hatt ein aristokratisk bakgrunn.

Dei etniske kinesarane har dominert handel og industri, indarane har stort sett har vore lønnstakarar. I kolonitiden var indarane anten fattige tamilske plantasjearbeidarar, eller meir velutdanna funksjonærar med bakgrunn frå Nord-India. Dagens indarar vidarefører til ein viss grad desse to klassetrendane, sjølv om plantasjesektoren har endra seg. Ei stor gruppe indarar har drive med handelsverksemd og har hatt ein spesiell posisjon i tekstilbransjen. Dagens malayar er på full fart inn i eit urbant liv og eit differensiert yrkesliv, eit resultat av politiske verkemiddel og ei rask og sterk utbygging av utdanningssystemet. Likevel blir tendensen vidareført med at kinesarane dominerer merkantile verksemder, medan malayane orienterar seg mot offentlege tenester.

Språk

Det malayiske språket høyrer til den store austronesiske språkfamilien, og er i slekt med språka på Stillehavsøyene og Madagaskar. Berre små detaljar i ordval og rettskriving skil standard malayisk frå standard indonesisk. Malayisk, kalla for bahasa Malaysia, blei vedteke som nasjonalspråk ved frigjeringa.

Sidan frigjeringa har det å beherske malayisk språk betra seg drastisk blant folk med kinesisk og indisk bakgrunn, slik at det no stort sett har erstatta engelsk som lingua franca. Men framleis brukast kinesiske og indiske språk som dagleg språk seg i mellom i dei respektive etniske miljøa, og aviskioskar og bokhandlarar vitnar om språkmangfaldet med publikasjonar i ulike alfabet. Engelsk blir framleis mykje brukt, spesielt i dei større byane på vestkysten. Ein god del familiar frå den øvre middelklassa innan alle etniske grupper brukar engelsk som heimespråk. Det blir også utgjeve fleire store engelskspråklege aviser i landet, mest utbreidd er The Star og New Straits Times, som i likskap med fleire andre aviser er lagt ut på internett.

Bildet kan inneholde: skyskraper, byområde, by, metropolis, høyblokk.
Kuala Lumpur er hovudstad i ein ambisiøs moderne stat. Tilveksten av skyskraparar er eksplosiv, og det leggjast arbeid i å skape eit interessant arkitektonisk uttrykk. I bakgrunnen ser vi tvillingtårna, verdas høgaste bygg.

Ein ambisiøs moderne stat

Offisielt skil ein mellom Vest-Malaysia, som er fastlandsdelen, og Aust-Malaysia, som består av Sabah og Sarawak på Borneo. Vest-Malaysia har dei fleste tunge politiske og kulturelle institusjonane. Ved frigjeringa var Malaysia eit velberga utviklingsland, og sidan har utviklinga vore imponerande. Landet er rikt på naturressursar, som mineraler og undersjøisk olje. Industriveksten har vore sterk sidan syttitalet. Det er også ein betydeleg plantasjesektor. Det må nemnast at denne, saman med tømmerdrift og ein del vasskraftutbygging, har utløyst sterk kritikk frå miljørørsler.

Utdanningsnivået har eksplodert sidan frigjeringa. I generasjonen fødd på 1940-talet og tidlegare, er det framleis ein stor del som aldri har fått formell skulegang. I generasjonen fødd etter frigjeringa er niårig grunnskule nærmast sjølvsagt. Blant dei aller yngste er ambisjonen om akademisk utdanning like vanleg som hjå den tilsvarande aldersgruppa i vesteuropeiske samfunn.

Urbaniseringa har vore omfattande, og det er særleg det malayiske folkesetnadssegmentet som har flytta frå landsbyar til byar og gått inn i urbane yrke.

Den politiske styringa er delt mellom føderalt nivå og delstatsnivå. Det føderale parlamentet og regjeringa har sete i Kuala Lumpur, men kvar delstat har også eit parlament og eit utøvande råd. Dei politiske partia atterspeglar i nokså høg grad etniske interesser. I ei årrekkje har den føderale regjeringa vore rekruttert frå ein sterk fleirpartikoalisjon (Barisan Nasional) der det dominerande partiet er det malaybaserte UMNO (United Malay National Organisation).

Malaysia har dessutan ein spesiell form for kongedøme: Kvart femte år blir ein konge vald, yang dipertuan agung – direkte oversett ”den som er gjort til øvste herskar”. Han blir vald av og blant dei sju sultanane i Vest-Malaysia (nokre delstatar har ikkje sultan).

Publisert 27. mars 2020 10:34 - Sist endra 21. des. 2020 11:29