English version of this page

Møtet med sarongen

Bildet kan inneholde: klær, tekstil, yttertøy.

Sarong og bluse var både festantrekk og arbeidsantrekk. Ute på åkeren er sarongen slitt eller av billig kvalitet, blusa enkel, smykka lagt bort, og det tynne hovudesjalet er meir eit vern mot sola enn eit ærbarheitsteikn.

 

Vi kan tenke oss at vi kjem inn i ein malayisk landsby på 1960-talet. Folk er fulle av optimisme etter frigjeringa og landet står framfor den ekstremt raske utviklinga som skulle kome. Dei fleste får sine basisbehov dekt, men velstandsutviklinga har ikkje tatt heilt av.

Ressursutnyttinga er nøysam, det gjeld også tøy. Vi blir slått av sarongens nærvær overalt: som ny og fast, som gamal og slitt, som fargerik staffasje på klessnorer. Dette tøystykket synast å ha eit livsløp frå stasplagg til vaskefille.

På denne tida var saronglengda sjølve kroneksemplet på batikk. Produksjon av batikk i austkyststatane var no for lengst etablert, men framleis var sarongane frå Java dei flottaste: dyrast og av best kvalitet.

Eit uunnværleg draktelement

Saronglengda er eit tøystykke på ca. 110 x 180 centimeter, trykt i mangefarga, intrikate mønster på tynn og tettvoven bomull. Når det er nytt, har det ei behageleg lukt av voks og harpiks. Når dette stykket blir sydd saman i endane til ein rett sylinder, blir det ein sarong. Denne blir normalt drapert rundt livet og bretta eller knytt slik at den kan halde seg på plass utan belte. Spesielle sarongbelte av metall kan også brukast. Sjølve ordet sarong var forresten ikkje så mykje i bruk. Ein snakka heller om kain (tøy). For presisjonens skuld kunne ein seie kain sarung (sarongtøy). Å vera kledd eller å kle på seg var ganske enkelt pakai kain (ha/ta på tøy).

Sarongen kombinerast med bluser av ulike slag. Ein fin og ny sarong kombinerast med ei fin og ny kebaya-bluse, gullsmykke og eit tynt sjal som i Malaysia gjerne blir drapert over hovudet for ærbarheitas skuld når ein går ut. Då er ein representativt kledd for eit kvart høve. Den utvaska sarongen blir arbeidsantrekk i kombinasjon med ei vid og ledig bluse av typen Kedah, og eit sjal som skal beskytte hovudet mot sol meir enn å sikre ærbarheit i det offentlege rom. Ein annen måte å knyte sarongen på er oppunder armane og med nakne skuldrar. Dette er strengt avgrensa til det private rom. Det er til avslapping heime i ettermiddagsheita, og det er badeantrekk. Bading skjer i eit skjul i nærleiken av brønnen. Dette er kvinnenes sarong, batikksarongen.

Mennenes sarong er annleis, den er voven i rutemønster og i ein fargeskala avgrensa til blå, brune eller grøne nyansar. Den brukast saman med baju melayu (ein tettknappa tunika) ved besøk i moskeen. Elles er den heimeantrekk og også antrekk for arbeid på åkeren.

Bruksmangfald og meiningsmangfald

Men saronglengda var så mykje meir enn berre eit draktelement. Ikkje alle tøystykke av dette formatet blei sydd til lukka sarongar. Det kunne brukast som det var, til ei rekkje formål. Det kunne vera sengetøy, både underlag og overbreisle. Det kunne formast til hengekøye for ein baby og hengast frå taket i eit taug, eller i ein fjærande krok. Det kunne bli eit knyte til å frakte ting i. Ein mann på åkeren kunne beskytte dei nakne skuldrane sine mot sola med ein utslitt sarong. Den same utslitte sarongen kunne klippast opp att og strekkjast som solskugge over rasteplassen. Den kunne ende som dørmatte eller vaskefille. Det var greitt å ha eit lager av stoff, dette var noko ein alltid hadde bruk for.

Ein kvar familie med respekt for seg sjølv hadde eit skåp med glasdører i forrommet. Synleg gjennom desse glasdørene, saman med det beste serviset, låg det gjerne bunker med ubrukte saronglengder. Mange hadde ein fått som gåve, og frå dette lageret kunne ein også plukke ut noko når ein trong ei gåve. Lageret bak glasdøra var ganske meiningsberande. Det avspegla på ein måte familiens sosiale aktivitet, og var dessutan eit teikn på at ein hadde orden i sakene. Og sidan tøystykkas pris og kvalitet var lett leseleg, var det også ein statusmålar.

Vare og gåve

Saronglengda var eit kontaktskapande medium idet den sirkulerte utan stopp både som gåve og vare. Den var ei hendig gåve − passe stor, overkomeleg i pris, og anvendeleg til mangt. Den blei gjeven ved barnefødsel, ved bryllaup, som avskjedsgåve, som 'vertinnegåve' når ein kom på eit lengre besøk, eller til å gje litt ekstra oppmerksemd.

Sarongen var også ei stor handelsvare som flomma over i dei små buene på marknaden og i dei større tøybutikkane i byen. Det blei kolportert i nabolaget av driftige kvinner som passa på å kjøpe med seg eit lite utval når dei var ute og reiste, og som sidan selde det att til venner og kjenningar med ei lita forteneste.

Mange av seljarane i butikkane på marknadsplassen var også kvinner. Batikken var ein stor artikkel i kvinneleg entreprenørskap, og ein av fleire viktige føresetnader for den økonomiske sjølvstendigheita kvinnene ofte hadde i tradisjonelle malayiske landsbyer.

Kvardagsartikkel og identitetsmarkør

Ikkje berre malayane brukte sarongen som draktelement, det gjorde også etniske kinesarar, særleg dei såkalla peranakan. Men det var fyrst og fremst i malayiske miljø at batikken hadde heile dette overveldande spekteret av bruksområde og meiningsmangfald.

Fordi batikken var så sterkt integrert i malayanes liv gjennom produksjon, omsetjing, gåvesirkulasjon og på dei mange bruksområda i kvardag og fest, blei den ein markør for malayisk etnisk identitet. Frå ein plass i kvardagspraksis fekk den etter kvart ein sterkare symbolfunksjon som har blitt endå tydelegare i seinare åra.

Publisert 27. mars 2020 10:12 - Sist endra 21. des. 2020 11:29