English version of this page

Turistmarknaden

Bildet kan inneholde: tekstil.

På denne strandbua i Penang visast eit utval av den mest typiske 'turistbatikken', tekstilar til å bera utanpå badetøyet. Her er både handlaga batikk og maskintrykte tekstilar. Den nedste rekkja viser eit utval av omslagskjolar som kan knytast på fleire sinnrike måtar. Nokre er blokktrykte, andre handmålte.

 

Batikken blir lansert som eit nasjonalt symbol også på turistmarknaden. Dette medfører blant anna busslastar med turistar som hyppig blir slusa innom batikkfabrikkar med rommelege salsutstillingar og spesialopplært personale. Samtidig påverkar turistmarknaden batikken, både som næring og som uttrykk.

Kva er turistbatikk?

Mange turister er fyrst og fremst interessert i å kjøpe dei same produkta som malaysiarane sjølv kjøper, og ser ikkje poenget med dei mest fantasifulle produktpåfunna. Skiljet mellom batikk for turistar og for innfødde, er ikkje alltid eintydig. Ofte dreier ulikskapane seg meir om detaljar i bruk enn i preferansen for sjølve produktet. Slik kan alle grupper vera einige om at kaftanen er eit tiltalande plagg. Medan malaysiarar vil bruke den som heimeplagg, kan ein vestleg kjøpar godt tenkje seg å bruke den til fest. Batikkskjorta kan også alle grupper samlast om, men ein malaysiar kan ikkje bruke den korterma varianten til formell påkledning.

Det er likevel ein kategori plagg som berre vestlege turister kjøper, dei typiske strandplagga og andre fritidsplagg som eksponerer mykje naken hud. Desse plagga blir laga både i blokktrykte og handteikna mønster. Ein populær motivkrets på strandplagg er dei handteikna djupvassmotiva med tropiske fiskar, skaldyr og havbotnvegetasjon.

Batikkhandlarane på dei typiske turiststadene hevdar at turistar frå Japan og vestlege land føretrekkjer enklare mønster og meir avdempa fargar framfor den malayiske batikkens meir mangefarga og komplekse mønster. Mykje av den batikken som blir seld på desse stadene kan vera i kombinasjonar av kvitt og éin enkelt farge. Dette er sjølvsagt også raskare og billigare å produsere. Men igjen må det understrekast at skilja ikkje er så eintydige. Tofarga batikk var slett ikkje uvanleg før det fanst turisme, og i dei eldre javanesiske tekstilane var det vanleg med duse blå og brune tonar.

Den gamle javanesiske batikken var sterkt meiningsberande med motiv frå gudesagn og trusførestillingar. Noko av batikken på turistmarknaden har motiv som spelar på ideologiar og trendar i vår samtid, og ein finn dei helst på måleri og t-skjorter. Det kan vera antirasistiske motiv, og det kan vera bilete som symboliserer undertrykking eller refererer til miljøproblem. Det finst også tvetydige hint til narkotikabruk, med mange fantasifulle variasjonar over temaet ’magic mushroom’.

Jakta på det autentiske

Jakta på det autentiske er viktig for turisten. Kriteriene for autentisitet er for det fyrste at produktet er handlaga og for det andre at det er framstilt i Malaysia. Turisten har som regel ikkje nok varekunnskap til å vurdere verken det eine eller det andre, og er ganske prisgitt den informasjonen forhandlaren gjev. Mange forhandlarar er hjelpsame med å forklare forskjellen mellom ekte batikk og maskintrykk. Ein får vite at kriteriene på ekte batikk er at fargen har trekt heilt gjennom stoffet, slik at det blir likt på begge sider. Ein får også vite at to handlaga stykke aldri vil bli heilt identiske, sjølv med same mønster. Det vil alltid vera små ulikskapar som skil dei frå kvarandre. Ja, sjølv små feil, uhell i form av voksdrypp, vil på den måten kunne vera ein slags kvalitetsgaranti, sjølv om ein innfødt kjøpar nok helst ville vurdere dette som dårleg handverk.

Verre er det med spørsmålet om kvar ting er laga. Ofte vil ein seljar påstå at ein ting er laga i Malaysia sjølv om den er importert, men den kan også vera både og. I dei siste åra har det kome ein ny type pareoer (strandplagg) som er både måla og brodert. Målinga er ofte utført i Indonesia, medan varen blir vidare omarbeidd og brodert i Malaysia. Det kan dreie seg om holbroderi eller broderi med gulltråd. Resultatet blir ofte ganske attraktivt, og heile operasjonen genererer meir forteneste på ein oftast uformelt malaysisk arbeidsmarknad.

Ny og gamal etnisk miks

Det etniske er ikkje eit uproblematisk tema i Malaysia. Alle skal arbeide saman som malaysiske statsborgarar, og ofte kan det sjå ut som om dei yngre generasjonane er i ferd med å utvikle ein ny type nasjonal identitet der etniske barrierar ikkje er så tydelege. Samtidig har alle gruppene framleis sine meir eksklusive nettverk, sine tradisjonar og sine ømme punkt når det gjeld rettferdig fordeling av gode. Den malayiske dominansen i batikksektoren er ikkje så eintydig på vestkysten. Særleg dei fabrikkane som opnar seg for turistar, tenderer til å vera større kinesiske aksjeselskap der produksjonen også blir organisert etter andre prinsipp enn i dei malayiske bedriftene.

Desse fabrikkane legger opp produksjonen mest mogeleg breispektra: her er blokktrykte sarongar og handmålte draktlengder, kaftanar og skjerf som ligg godt innanfor dei etablerte mønstertradisjonane. I tillegg er det ferdigsydde plagg tilpassa draktskikken hjå alle betydelege kjøpargrupper  plagg med trekk frå kinesisk cheongsam og japansk kimono, variantar av malayiske drakter som sarong kebaya og baju kurong, korte skjørt og jakker i vestleg stil, forutan dei meir typiske strandplagga.

Bildet kan inneholde: vanntransport, kjøretøy, båt, transportere, slepebåt.
Mykje av turisttrafikken i Malaysia blir kanaliseret mot pittoreske strender, som denne på nordsida av øya Penang.

Seljaren som stilentreprenør

I eit populært turiststrøk i Penang er alle dei tre dominerande etniske gruppene representert med butikkar. Blant desse er det nokre som har høg generell tekstilkunnskap og mykje kunnskap om motetrendar og dei ulike turistgruppenes smak.

Enkelte held seg stadig oppdatert på kva fargar som er på veg inn i det internasjonale motebiletet, og er også dyktige til å gje turistane idear om kva dei kan bruke stoffa til i sine eigne heimland. Dette gjeld særleg dei etniske indarane som dermed synest å stadfeste sitt ry som tekstilspesialistar. Dei har som regel knytt til seg faste leverandørar, oftast små malayiske verkstader, eller enkeltpersoner som kan levere større eller mindre parti etter ganske spesifisert ordre. På den måten gjer globale trendar eit raskare inntog i etablerte batikkbedrifter enn dei elles ville gjort.

Publisert 27. mars 2020 10:25 - Sist endra 21. des. 2020 11:29