Dyra i egyptisk mytologi

Dei egyptiske gudane blir ofte framstilt i heile dyreskikkelsar, heile menneskeskikkelsar, eller ein kombinasjon av desse to.

På kista kan ein sjå fleire gudar med menneskekropp og dyrehovud, men det omvendte var også mogeleg, som med den velkjente Sfinxen i Giza.

I Luxor kan ein sjå sfinxar med løvekroppar og verhovud, altså ein kombinasjon av ulike dyr. I tillegg kan gudane presenterast i reine symbol, som for eksempel den lange søyla (Djed-pilaren) vi kan sjå midt på kista i den nedste seksjonen, som representerer Osiris, kongen i underverda.

Ein og same gud kan ofte bli framstilt på alle desse måtane, og kan godt ha fleire ulike dyre-manifestasjonar. For eksempel kan Osiris også bli framstilt som ein bavian eller som ein ibis-fugl.

Dyr blei også brukt i kultisk samanheng. Særleg frå dei seine periodar i Egypts historie (600 talet f.Kr. og framover) har ein funne ei rekkje mumifiserte dyr, særleg kattar, ibisar, bavianar, oksar og krokodiller, som kan ha blitt rituelt ofra og balsamert til ære for den guden dei representerer.

Av Anders Bettum
Publisert 11. okt. 2018 15:08 - Sist endra 18. mai 2020 08:27