Kvifor er mumien skadd

Dessverre er sjølve balsameringen rundt mumiens hovud og overkropp sterkt øydelagt.

Foto: KHM/ Ann Christine Eek

Mumiekista har vore utsett for gravplyndring − som dessverre har føregått til alle tider.

Det var vanleg å leggje smykke og amulettar innimellom balsameringslaga for å hjelpe den døde på vegen til dødsriket. Desse gjenstandane var svært forseggjorte og kostbare − derfor har mumien vore offer for gravrøvarar som har øydelagt "innpakningen" på sin grådige jakt etter verdisaker hjå den døde.

Av Anders Bettum
Publisert 11. okt. 2018 15:09 - Sist endra 14. des. 2020 09:29