Prestedottera i kista

Mumien i kista er ei prestedotter, antakeleg frå perioden 950-663 f.Kr. Ho heitte Dismutenibtes. Mora heitte Nehemtesbastet og far hennar, Hotepamon, var vaktar av statsguden Amons "gullhus".

Foto: Ann Christine Eek

Prestedottera sitt namn og opphav er identifisert i hieroglyfar på kistesida. Etter ei innleiing der personen blir identifisert, brukar det på andre kister å følgje ei tale av guden Osiris, det vil seie der den døde blir identifisert med denne guden.

Tala på denne kista er dessverre utelate. Kista er laga av tre som er dekt med fyllmasse og målinglag, den er forma etter mumiens kropp og måla. Vi kan sjå ansikt, kropp og klede, felt med blant anna fuglar, oksar, ei framstilling av Anubis og hieroglyfar. Inne i kista ligg mumien bandasjert i tøystrimlar.

Kista har truleg blitt rana, og tøystykka ser ut som om dei er plassert tilbake på ein tilfeldig måte. Mumiens høgre arm ligg langs sida av kroppen og både hår og tenner sit att.

Av Anders Bettum
Publisert 11. okt. 2018 15:09 - Sist endra 14. des. 2020 09:29