Skarabéen

På baksida av hovudet er det måla ein flott skarabé, som er en slags tordivel. Skarabéane legg egga sine inn i klumpar av dyreekskrement som dei gjerne trillar med seg til ein trygg stad.

Foto: Ann Christine Eek

Ut av klumpane kryp så dei nyklekte tordivellarvane og dette biletet blei for egyptarane eit av dei fremste symbola på regenerasjon, fruktbarheit og fornying av livet.

Ordet for skarabé på egyptisk er kheper, eit ord som også er rota i ei rekkje ord som har å gjera nettopp med regenerasjon. Orda for (endring av) form eller skikkelse, transformasjon, forvandling, eksistens, skaping, kontinuitet, barn, barndom, og oppvekst har alle denne same rota, noko som bidreg til å kaste ljos over dette sterke religiøse symbolet.

Biletet på hovudet til mumien er ein kombinasjon av to symbol for livets fornying, skarabéen og sola som står opp. Skarabéen trillar sola framom seg på same måte som den elles trillar sine lortklumpar.

Dette biletet representerer guden Kheperi, som er soloppgangen i ein guddom. Det finst mange, og dei er populære i gravferdssamanheng fordi dei ber i seg eit løfte om nytt liv etter døden. Såleis blir døden sjølv eit fruktbarheitssymbol. Døden blir som lortklumpen, ut av den skal det springe nytt liv. Det nye livet egyptarane såg for seg var eit lykkeleg tilvære i underverda, som ein del av æva.

Av alle dei ulike religiøse uttrykk vi finn i Egypts 3000 år lange historie er det kanskje prinsippet Kheper som er det samlande element, som gjer at vi kan snakke om éin religion trass i alle forskjellane som finst frå stad til stad til ulik tid.

Av Anders Bettum
Publisert 11. okt. 2018 15:09 - Sist endra 14. des. 2020 09:29