Symbola på kista

På kista finst symbola lotusblomen og sjakalgudane.

Lotusblomen

Lotusblomen er eit anna symbol for regenerasjon. I éin versjon av skapingsmyta er lotusen den fyrste form for liv som kjem opp frå urkollen; eit stykke land som stig opp frå urvatnet Nun som ei fyrste akt av skapinga.

Ut frå lotusblomen stig så skaparguden Atum mot himmelen, noko som blir sett på som den fyrste soloppgang. Lotusblomen er representert på mumiens halsband, som er samansett av perler og lotuskronblad.

Anubis og Wepwawet − sjakalgudane

Ved kistas føter er to svarte sjakalgudar avbilda. Fargen viser til den svarte molda langs Nilens breidd og mumiens farge.

Anubis er guden for balsameringskunst og dei mumifiseringskyndige sin beskyttar. I myta om Osiris sin død og oppstode behandla Anubis den døde kroppen til Osiris, og bidrog på den måten til hans oppstode som konge i dødsriket

Wepwawet er "opnaren av portane", noko som speler på ei rekkje portar som ein førestilte seg at solguden og dei døde må igjennom på reisa si til (og for solgudens vedkommande; igjennom) dødsriket. Wepwawet er også guden ein påkallar under munnopningsritualet, eit ritual som skulle gje pust, og dermed liv til statuar og mumiar.

Begge desse gudane var knytt til Nekropolisane, gravområde som såg ut som små byar på grunn av offertempla som var bygd over gravene.

Av Anders Bettum
Publisert 11. okt. 2018 15:09 - Sist endra 18. mai 2020 08:28