English version of this page

Nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy - Noregs nye verdsattraksjon

Alt du treng å vite om det nye Vikingtidsmuseet.

Det nye vikingtidsmuseet på Bygdøy sett ovanfrå
Foto: AART architects

Når skal det nye museet stå ferdig?

Planen er at det nye Vikingtidsmuseet skal stå ferdig i 2025.

Kvifor byggjer vi nytt museum?  

Interessa for Vikingskipshuset med skip og gjenstandar har heilt frå starten av vore enorm. Tilhøva for skipa der dei står i dag er ikkje gode nok, men ein ny klimaregulert bygning med nye støttesystem vil kunne sikre dei unike gjenstandane våre for framtidige generasjonar. I det nye museet vil vi kunne presentere vikingskipa, og resten av samlingane frå vikingtid, på ein sikrare og meir publikumsvenleg måte enn det som er mogeleg i dagens Vikingskipshus.

Korleis blir tryggleiken til skip og gjenstandar teken hand om?

Museets fagpersonale innan konservering og samlingsforvalting samarbeider med Statsbygg og eksterne spesialister i eit eiget sikringsprosjekt om løysingar for trygg handtering av skip og gjenstandar under byggjeprosessen, og om sikre metodar for flytting til nybygget. Gjenstandar som kan flyttast, vil bli oppbevart i museets magasin før dei skal inn i det nye museumsbygget. Gjenstandane som blir verande i Vikingskipshuset, vil bli forsvarleg sikra og halde oppsyn med.

Kven byggjer det nye museet?

Statsbygg er ansvarleg for prosjektering og bygging av det nye museumsanlegget på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. AART architects designar bygget. UiO er ansvarleg for at byggjeprosjektet blir gjennomført i samsvar med prosjektmåla, og vil ha drifts- og forvaltingsansvaret for bygget når det er ferdig. Kulturhistorisk museum har ansvar for publikumstilbod, utstillingar, forskingsverksemd og formidlingskonsept. 

Interiør fra Nytt Vikingtidsmuseum
Foto: AART architects

Kor stort blir det?

Det nye Vikingtidsmuseet blir tre gonger så stort som det noverande Vikingskipshuset. Totalt blir det nye museet ca. 13 000 m2, derav ca. 9000 m2 er publikumsareal, inkludert 5500 m2 med utstillingar. 

Kva vil det nye museet innehalde? 

I tillegg til ei tredobling av utstillingsareala vil det nye museumsanlegget innehalde restaurant, foredragssal, museumsbutikk, museumspark, eit eige område for skuleelevar på besøk, laboratorium med tilgang for publikum, og forskingssenter.

Auditorium i nytt vikingstidsmuseum
Foto: AART architects

Kva får publikum på Vikingtidsmuseet, som dei ikkje får på Vikingskipshuset i dag?

Medan Vikingskipshuset er eit museum som viser skip og gjenstandar frå fire skipsgraver, vil det nye museet gje eit meir komplett bilete av heile vikingtida. I magasina til Kulturhistorisk museum har vi ca. 50 000 gjenstandar frå vikingtid. Ved å stille ut mange fleire av desse gjenstandane, vil museet kunne presentere eit samansett og unikt bilete av heile vikingtida, med praktskipa våre som hovudattraksjon.

Kva skal dei gamle lokala brukast til? ​

Det nye museet blir bygd som ei forlenging av det flotte Vikingskipshuset som Arnstein Arneberg teikna, og som opna i 1926. Her vil museets inngang og informasjon liggje, og også auditorium og museumsbutikk, for å nemne noko.  

Vil museet halde ope i heile byggjeperioden?

Nei, av omsyn til både prosjektets framdrift, og tryggleiken til gjenstandane våre, vil museet i ein periode halde stengt. Frå når, og kor lenge, er ikkje avklart ennå.   

Kvifor gler vi oss til det nye museet er ferdig? 

Fordi det kjem til å bli eit museum i verdsklasse, med engasjerande og dynamiske utstillingar som gjev dei unike gjenstandane våre den plassen og tryggleiken dei fortener. Dessutan blir det eit bygg med fantastisk arkitektur, og ein eineståande mogelegheit til å kome tett på vikingtida gjennom både utstillingar og laboratorium med tilgang for publikum. Museet skal bli eit aktivt samlingspunkt for fagmiljøet på vikingtid, med seminar og arrangement, i tillegg til forsking. Med sin flotte park, restaurant og leikeplass håpar vi også at det blir ein stad både naboar og andre Osloborgarar vil vera stolte av, og bruke flittig. Det vil bli eit museum der det alltid er noko nytt å oppdage, og som både barn og vaksne kjem til å ynskje å vende tilbake til for å oppdage, og oppleve meir.

 

Bildet kan inneholde: arkitektur, bygning, samfunnet, campus, hus.

Relevante lenkjer

Publisert 29. juni 2018 10:35 - Sist endra 1. apr. 2020 13:10