English version of this page

Då Gokstadskipet blei funne

På garden Gokstad i Sandefjord kommune låg det ein stor gravhaug som blei kalla for kongshaugen. Hausten 1879 kjeda dei to tenåringssønene på garden seg og byrja å grave i haugen for å sjå om dei kunne finne noko spennande.

Utgraving av Gokstadskipet i 1880. Fotograf: ukjend.

Skipet i gravhaugen

Det blei sagt at det låg eit skip i gravhaugen, og det var det gutane fann. Antikvar Nicolaysen ved Universitetets Oldsaksamling fekk høyre om kva gutane dreiv med, og våren 1880 sette han i gang ei arkeologisk utgraving av haugen. 

Var endå større

Gravhaugen rundt skipet var bygd opp av leire og grastorv. Den var omlag fem meter høg og hadde ein diameter på nesten 45 meter. Sannsynlegvis har haugen vore endå større i vikingtida. Sjølve skipet var grave ned i blåleira i undergrunnen. Dei to øvste bordgangane, og begge stamnane, stakk opp av leira og var derfor heilt øydelage, men elles var skipet uvanleg godt bevart.

Tilbake til den opphavelege forma

Etter utgravinga blei skipet restaurert. Alle delane blei tatt frå kvarandre, dampa og bøygd tilbake til den opphavelege forma. Noko av det originale treverket var i for dårleg stand til å tole denne behandlinga. Desse delane blei erstatta av nytt tre, og er synlege slik skipet står i dag.


Les meir

Publisert 1. nov. 2012 17:16 - Sist endret 21. apr. 2020 11:12