English version of this page

Gokstadgrava

Rundt år 900 e.Kr. døydde ein rik og mektig mann og Gokstadskipet blei brukt som gravskip. Bakarst i skipet blei det bygd eit gravkammer der den døde mannen blei lagt.

Bildet kan inneholde: sletteland, høyde, beitemark, land mye, gress.
Gokstadhaugen. Foto: Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Foto: Rebecca Cannell

Gravkammeret

Gravkammeret blei dekt av fleire lag med never. Klemt fast mellom stokkane i taket fann arkeologane restar etter silke med innvove gulltrådar. Det er truleg restar av eit kostbart vove teppe som har dekorert veggane på innsida. I gravkammeret stod det ei oppreidd seng som den døde var lagt i.  

Gokstadmannen

Skjelettet viser at mannen i Gokstadgrava var i 40-åra, kraftig bygd, og mellom 181 og 183 cm høg. Spor etter hogg mot begge beina viser at han døydde i kamp. Eit kutt i det høgre leggbeinet har gjort at han ikkje kunne stå oppreist, men eit knivstikk på innsida av det høgre lårbeinet har sannsynlegvis vore dødsårsaka. Det var ein vanleg kampteknikk å hogge etter beina i vikingtid og mellomalder. Vi veit ikkje kven han var, men den storslagne grava han fekk tyder på at han var ein viktig mann. Kanskje han var ein høvding eller av kongeleg familie? 

Handelsplassen ved Gokstadhaugen

Like sør for gravhaugen er det nyleg funne ein stor handelsplass. Funna her i frå vitnar om eit rikt senter med internasjonale forbindelsar. Datering av vektlodd frå handelsplassen viser at handels- og handverksaktivitet har føregått her samtidig med gravlegginga i Gokstadhaugen rundt år 900 e.Kr. 

Gravgåvene

Den døde sjølv må ha vore kledd i ei forseggjort drakt då han blei gravlagd. Våpna og smykka hans er borte. Her har truleg gravrøvarane vore på ferde allereie i vikingtida, men dei tok langt i frå alt. Det blei blant anna funne eit spelebrett med spelebrikker av horn, fiskekrokar og seletøybeslag av jern, bly og forgylt bronse, 64 skjold, kjøkenutstyr, seks senger, eitt telt, ein slede og tre mindre båtar. Med i grava var det også tolv hestar, åtte hundar, to hønsehaukar og to påfuglar. Påfuglane viser at Gokstadmannen var ein mann med eit stort, internasjonalt nettverk. Kanskje fuglane var ei gåve frå ein annan herskar, eller trofear han hadde tatt med heim frå eit krigstokt?


Les meir

Publisert 1. nov. 2012 17:14 - Sist endret 5. mai 2020 10:56