English version of this page

Gokstadskipet

Då Gokstadskipet blei bygd rundt år 890 e.Kr. var vikingtida i full gang. Det var eit fleksibelt og raskt skip som eigna seg til seglas på ope hav.

Opplev Gokstadskipet digitalt

Ulike funksjonar

Ein kunne både segle og ro Gokstadskipet, og skipet har vore eigna til både oppdagingsreiser, handelsreiser og vikingtokt. På kvar side av skipet er det 16 hol til årene. Med roarar, styrmann og utkikk, bestod mannskapet av til saman 34 personar. Det er ingen restar etter tofter. Antakeleg har roarane sitte på kister, som også kunne innehalde personleg utstyr. 

Rom under dekk

Skipet er laga av eik og er 5,18 m breitt og 23,22 m langt. Det er klinkbygd med 16 rader av bordgangar. Dei ni bordgangane under vasslinja er berre to til tre cm tjukke, noko som gjer skipssida både lett og fleksibel. Kjølen er laga av eitt stykke rett eiketre. Dekket består av furuplankar som kan lyftast opp slik at mannskapet lett kunne ause ut vatn ved behov. Her var det også oppbevaringsplass for litt last.

Ingen dragehovud

Då skipet blei grave ut var det festa 32 skjold på kvar side av skipet. Dei var måla, annankvar gult og svart. I framskipet blei det funne kvitt ulltøy med påsydde striper av raudt tøy. Dette kan vera restar av seglet. Spissen på stamnane var rotna bort så det er uklart korleis dei har enda, men det er ikkje noko som tyder på at det har vore festet dragehovud til dei. Men sjølv utan dragehovud må Gokstadskipet ha vore eit oppsiktsvekkjande syn når det kom for fullt segl over havet.


Les meir

Publisert 19. mars 2020 14:09 - Sist endret 24. apr. 2020 12:31