Eventyret byrjar

Den 8. august 1903 fekk arkeologen Gabriel Gustafson besøk av gardbrukar Oskar Rom som hadde grave i ein stor gravhaug på eigedommen sin og funne restar av eit skip.

Historisk bilde i svart-hvitt av vikingskipet Osebergskipet

Osebergskipet i gravhaugen i 1904. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Olaf Væring

Gustafson set i gang

To dagar seinare var professor Gustafson i gang med undersøkinga på garden Lille Oseberg i Slagen i Vestfold. Han fann fleire skipsdelar dekorert med vikingtidas ornamentikk. Arkeologen blei sikker i si sak: Gravhaugen var ei skipsgrav frå vikingtida. Men for å unngå problem med haustvêret, venta gravemannskapet til neste sommar med å setje spaden i jorda for alvor.

Sommarens storhending

Utgravinga av Oseberghaugen blei møtt med stor interesse frå publikum. Det blei nødvendig å sikre utgravinga med rekkverk, skilting og ein betjent som sørga for at ingen forstyrra arbeidet eller kom for nær gjenstandane. I dagboka klagar Gustafson over å måtte arbeide på utstilling.

Slutten på byrjinga

Då utgravinga blei avslutta, stod det lengste og mest krevjande arbeidet att. Sjølve utgravinga blei gjennomført på under tre månader, men det tok 21 år å få skipet og dei fleste gjenstandane ferdig preparert og restaurert. Skipet blei tørka svært langsamt før det blei satt saman. Det blei lagt stor vekt på å bruke det originale treverket der det var mogeleg. Det ferdig rekonstruerte Osebergskipet består i dag av over 90 prosent originalt treverk.

Professor Gabriel Gustafson og mannskap framfor Osebergskipet i 1904. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Olaf Væring.


Les meir

Publisert 9. sep. 2021 11:52 - Sist endra 8. aug. 2023 14:14