English version of this page

Fem flotte dyrehovud

Fem heilt unike utskorne dyrehovud blei funne i Oseberggrava. Fire av desse er stilt ut i Vikingskipshuset. Det femte er dessverre i veldig dårleg stand, og restane av det bli oppbevart i museets magasin.

Bildet kan inneholde: produkt, tre, font.
Dyrehovudstolpar frå Oseberg. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Kirsten J.Helgeland.

Opplev den fjerde fløya i Vikingskipshuset digitalt

Dyrehovuda blei funne i gravkammeret

Dei var bunde saman med taug som låg gjennom munnen på det eine dyrehovudet som ein taum.

Sjølv for ein erfaren treskjerar har det vore komplisert og tidkrevjande å lage dyrehovuda. Treskjeraren har gått ut i skogen og vald ut eit naturleg krumma emne frå nedre del av stamma på eit eigna, hardt lauvtre. Fyrst har han laga forma og deretter starta på utskjeringane. Det ser ut til at dyrehovuda er laga av ulike treskjerarar. Ingen av dyrehovuda er like, og to av dei er også dekorert med sølvnaglar.

Kva har dyrehovuda vore brukt til?

Vi veit ikkje sikkert kva dei utskorne dyrehovuda har vore brukt til. Nedst på halsen på dei var det festa eit skaft som var om lag ein halv meter langt. Med skafta kunne hovuda berast, for eksempel i eit opptog, men dei kan også ha vore festa til veggar, eller for eksempel ved eit høgsete, eller noko heilt anna.

Saving Oseberg

Saving Oseberg er eit prosjekt som dokumenterar tregjenstandar frå Osebergfunnet, og forskar på konserveringsmetodar for å ta vare på denne ikoniske delen av vår kulturarv for framtida. Les meir om prosjektet Saving Oseberg.


Bildevisning

Les mer

Publisert 1. nov. 2012 17:30 - Sist endra 16. apr. 2020 07:45