English version of this page

Kvinnene i Oseberggrava

I år 834 døydde to heilt spesielle kvinner, dei blei heidra med ei storslått gravlegging.

Bildet kan inneholde: tegning, lettelse, kunst, skisse, artwork.
Detalj på Osebergvogna. Foto: Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Grava

Osebergskipet blei trekt på land og bruka som gravskip for dei to damene. Rett bak skipets mast blei det bygd eit gravkammer. Innvendig var veggane dekorert med eit fantastisk teppe med innvovne bilete, og dei døde kvinnene blei lagd i ei oppreidd seng.

Kvinnene fekk med seg ei mengde gravgåver, blant anna:

  • Klær, sko og kammar
  • Skipsutstyr
  • Kjøkenutstyr
  • Gardsutstyr
  • Tre praktsledar og ein arbeidsslede
  • Ei vogn
  • Fem utskorne dyrehovud
  • Fem senger
  • To telt
  • Femten hestar
  • Seks hundar
  • To små kyr

Sjå lengre liste over innhaldet i grava her

Kva døydde dei av?

Undersøkingar av skjeletta viser at den eldste kvinna var mellom 70 og 80 år gamal då ho døydde, sannsynlegvis av kreft. Den andre kvinna var yngre og i overkant av 50 år. Vi veit ikkje kva ho døydde av.

Kven var dei?

Begge to må ha hatt ein spesiell plass i samfunnet for å få ei grav som denne. Har dei vore politiske eller religiøse leiarar? Kven var hovudpersonane i grava? Var den eine ofra for å følgje den andre til dødsriket? Var dei i slekt? Kvar kom dei frå? Dei to kvinnene frå fortida er fortsatt gåtefulle, men vidare forsking vil gje oss meir kunnskap.


Bildevisning

Les meir

Publisert 1. nov. 2012 15:00 - Sist endra 16. apr. 2020 07:45