Osebergvogna

Vogna frå Osebergfunnet var gamal allereie før den blei lagt i grava. Truleg er den laga før år 800.

Bilde av en vogn fra vikingtiden som er stilt ut i en utstillingen

Osebergvogna.

Opplev den fjerde fløya i Vikingskipshuset digitalt

Biletvev som viser eit opptog

I Oseberggrava blei det funne ein biletvev. Nokre av motiva som er vovne inn i teppet er hestar som trekkjer vogner. Det ser ut som eit opptog med folk, vogner og hestar. Kanskje er det ein religiøs seremoni som er avbilda?  

Vogna har flotte utskjeringar

Vognas bakside er dekorert med kattar. Har dei ein samanheng med kattane som trakk vogna til fruktbarheitsgudinna Frøya? På framsida av karmen ser vi ei framstilling av ein mann som ligg på ryggen og blir angripe av ormar. Kan dette vera ein illustrasjon av forteljinga om Gunnar i ormegarden? Dette var kjende forteljingar for vikingane, og symbolikken i utskjeringa må ha gjeve mykje meining som for ein stor del er tapt i dag.

Vogna kunne demonterast

Vogna er samansett av delar av ulike treslag. Delane kan takast frå kvarandre for transport, som for eksempel med skip. Sjølve vognkarmen er av eik og vogna har to drag av ask som heng saman med ei kort jernlenkje. Sannsynlegvis har vogna vore trekt av to hestar, ein på kvar side av draga. Les heile skildringa av vogna i museets gjenstandskatalog

Saving Oseberg

Saving Oseberg er eit prosjekt som dokumenterar tregjenstandar frå Osebergfunnet, og forskar på konserveringsmetodar for å ta vare på denne ikoniske delen av vår kulturarv for framtida. Les meir om prosjektet Saving Oseberg.



Les meir

Publisert 9. sep. 2021 11:52 - Sist endra 8. aug. 2023 14:15