English version of this page

Sledane

På kjøretøyet skal storfolk kjennast, heitest det, og kvinnene i Oseberggrava hadde i tillegg til ei flott vogn, fått med seg tre praktfulle sledar.

Bildet kan inneholde: produkt, kjøretøy.
Slede frå Oseberg. Foto: Eirik Irgens Johnsen, Kulturhistorisk museum, Universitet i Oslo.

Opplev den fjerde fløya i Vikingskipshuset digitalt

Sledane er sett saman av ulike treslag

Dei består av ei laus ramme festa til understellet med taug eller vidjesurringar. Sledane blei trekt av to hestar som var festa til kvar si side av ei trekkstong. Under meiane er det festa ein slitemeie som enkelt kunne skiftast når den blei slite ut.

Sledane var staskjøretøy og utsjånaden var viktig

Dei var dekt av utskjeringar og sjølv ein dyktig treskjerar må ha brukt lang tid på å skjere dei ut. Etterpå blei sleden måla i sterke fargar som har gjort at utskjeringane kom tydelegare fram. Den eine sleden hadde eit svart mønster på raud botn og i tillegg var det sett på fortinna naglehovud som ein del av dekorasjonen. Fargane var tydelege då sledane blei grave ut, men dei var vanskeleg å bevare og er ikkje synlege i dag.

Saving Oseberg

Saving Oseberg er eit prosjekt som dokumenterar tregjenstander frå Osebergfunnet, og forskar på konserveringsmetodar for å ta vare på denne ikoniske delen av vår kulturarv for framtida. Les meir om prosjektet Saving Oseberg.


Bildevisning

Les meir

Publisert 1. nov. 2012 17:29 - Sist endra 16. apr. 2020 09:43