English version of this page

Tekstilane i Osebergfunnet

Dei to kvinnene som var gravlagt i Osebergskipet hadde fått med seg ein overdådigheit av tekstilar til fleire slags bruk. Allereie under utgravinga blei det klart at dei store mengdene tekstilar utgjorde eit sentralt trekk ved Osebergfunnet.

Bildet kan inneholde: pels, tre, tre, tekstil, stamme.
Tekstilfragment frå Oseberg. Foto: Eirik Irgens Johnsen, Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Stor variasjon

Tekstilmaterialet frå Oseberg rommar ein stor variasjon av kvalitetar, veveteknikkar og materiale. Her finn vi importerte silkestoff, broderi utført med silketråd, biletvevar, brikkevovne band og ullstoff til ulikt bruk.

Biletvevane

Bildet kan inneholde: kunst, tapet, tekstil, maleri.
Fragment nr. 4 viser eit tre med menn som heng i greinane.  Armane heng slapt ned og føtene dinglar over bakken. Originalen er dårleg bevart. Her ser du ein rekonstruksjon teikna av Stig Saxegaard, Storm studios, i 2018. Fargane er fiktive.

Desse smale vevane er framstilt med ein kombinasjon av ull og ein nå forsvunne vefttråd laga i eit vegetabilsk materiale, truleg lin. Biletvevane viser eit vell av ulike dyr og menneske, vogner, hus og dekorative geometrisk ornament. Ei rekkje brikkevovne band blei også funne i Oseberghaugen. Dei fleste av desse er vovne av ullgarn i ulike farger som dannar geometriske mønsterfigurar. I enkelte av dei er det også brukt silketråd.

Grovare ullstoff

Ei type grovare ullstoff med mønster i geometriske motiv finst også i rikt monn i grava. Toppstilte ruter og kors dominerer mønstra her. Desse stoffa er truleg restar av teppe brukt i innreiinga.

Silkestoff

I tillegg til innreiingstekstilane fann Gustafson og gravemannskapet hans femten ulike silkestoff. Dette er tekstilar med mønster som har store likskapstrekk med relikviesveip frå fleire kristne kyrkjer i Europa, blant anna i Aachen, Chelles, Liège og Mariastein. Silkestoffa i Oseberggrava var skore opp i smale strimlar som truleg har dekorert kvinnenes klede. Silke blei importert frå Sentral-Asia og områda rundt den austlege delen av Middelhavet.

Broderi

Broderi i fleirfarga silke, som har mønster med rankemotiv, spiralar, dyr og geometriske ornament, var ein del av gravutstyret. Også desse kan ha vore brukt som klededekor. Broderia kan ha blitt utført på dei britiske øyane.

Dei dekorative prydtekstilane låg side om side med ei stor mengde andre stoff. Desse er, etter undersøking av Anne Stine Ingstad, inndela i 19 ulike kvalitetsgrupper, og har truleg vore brukt til så ulike ting som teltduk, klede og sengetøy. Alle desse stoffa er av ull.

Film om tekstilane frå Oseberggrava

Filmen vises kontinuerleg for publikum i Vikingskipshuset i Gjenstandsfløya.

Les meir om silken frå Oseberggrava

Foto og teikningar


Les meir

Av Marianne Vedeler
Publisert 23. jan. 2013 13:55 - Sist endra 16. apr. 2020 09:43