English version of this page

To velståande kvinner

Då arkeologane grov ut Osebergskipet i 1904, fant dei leivningar frå to kvinner. Den eine kan ha vore i 50-årsalderen då ho døydde, den andre rundt 70-80 år. Men kven av dei to var hovudpersonen i grava?

Bildet kan inneholde: barn, menneskelig.
Osebergskjeletta.

Oseberghaugen med sine rike gravgåver tyder på at den eine eller begge av kvinnene hadde ei viktig politisk, og kanskje også religiøs, rolle. Slekt og samfunn markerte kvinnenes betyding gjennom skipsgrava og landskapet. Er det mogeleg at ei av dei to kvinnene blei ofra for å følgje den andre i grava?

Den yngste kvinna

Begge kvinnene var om lag 153 cm høge. Tennene på den yngste var sunne og lite slitt, noko som tyder på at ho åt god mat. Livet gjennom brukte ho tannpirkar av metall for å halde tennene reine. Eit brot i kragebeinet viser at kvinna blei skadd nokre veker før ho døydde, men skjelettrestane fortel ikkje kva ho døydde av.

Den eldre kvinna

Skjelettet til den eldste kvinna tyder på at ho hadde vore alvorleg sjuk i barndommen. Som gamal lei ho av beinskøyrheit, brot i korsryggen, to halsvirvlar som hadde vekse saman og ei kneskade, noko som truleg gjorde ho både lut og halt. Kvinna hadde framskriden kreft og må ha hatt store smerter i sine siste år.


Les meir

Publisert 27. jan. 2017 09:27 - Sist endra 16. apr. 2020 09:43