English version of this page

Tunefunnet

Tuneskipet blei funne i 1867 på garden Nedre Haugen på Rolvsøy, utanfor Fredrikstad. Det var det fyrste vikingskipet som blei grave ut, og det er framleis eit av dei best bevarte vikingskipa i verda. 

tegning Tuneskipet
Teikning av Tuneskipet frå 1868. Illustrasjon: Kulturhistorisk museum, UiO.

Ein stor gravhaug

Gravhaugen Tuneskipet låg i var uvanleg stor, om lag 80 meter i diameter og omtrent fire meter høg. Den var dermed ein av landets største gravhaugar. I åra før utgravinga var mykje av jorda i gravhaugen fjerna for å bli brukt andre stader. Dessutan var haugen opna og delvis grave ut tidlegare. Dette førte til at det kom oksygen til som bidrog til å bryte ned skipet i gravhaugen.

Hardhendt utgraving

Tuneskipet blei grave ut på ei tid då den moderne arkeologien endå ikkje hadde funne si form. Skipet blei henta ut av grava både raskt og røft. Det førte til at både mannen som var gravlagd i skipet og dei fleste av gjenstandane han fekk med seg anten blei borte eller øydelagt.

Utgravinga blei leia av professor Oluf Rygh, og varte i berre om lag to veker. Fordi arbeidet gjekk så fort, fekk skipet ei nokså hardhendt behandling. Blant anna har skipet fleire merke etter spadane som blei brukt.

Transporten til hovudstaden

For å få skipet ut av gravhaugen blei det festa ei treramme til undersida av skipet. Det blei spent hestar til ramma, og skipet blei trekt ut av gravhaugen og transportert til ein elv i nærleiken. Her blei skipet flytta over på ein pram og fløytt til fjorden, og vidare inn til hovudstaden. Tuneskipet blei liggjande utandørs ei tid før det fekk eit eige hus.


Les meir

Publisert 17. okt. 2012 21:12 - Sist endra 24. apr. 2020 11:33