English version of this page

Tunegrava

I grava fann arkeologane restane av ein mann, tre hestar og fleire gravgåver. Mannen i Tunegrava må ha vore ein viktig person.

Gravkammeret

Bildet kan inneholde: fjær, blad, vinge, organisme.
Tuneskipet. Foto: Morten Krogvold og Svein Kojan

Tuneskipet stod orientert nesten rett nord-syd i gravhaugen. Innvendig var skipet fora med mose og einer. Midt i skipet var det bygd eit gravkammer med flatt tak. Veggane var festa i leira på yttersida av skipet. I gravkammeret låg restane av en mann.

Ein mann av høg rang

Vi vet ikkje kven han var, men han må ha vore viktig nok til at han fekk ei fantastisk og verdig grav. Sjølv om grava har vore røva og det berre var bevart restar av gravgåvene, viser dei at den døde har vore ein mann av høg rang. Han fekk følgje av tre hestar, ein blei funnen inne i skipet og to på utsida.

Fekk med seg sine våpen

Arkeologane fann restane av våpenutstyret hans, eit sverdgrep, to spydspissar, ei skjoldbule og det som truleg er restar av ei ringbrynje. Dessutan blei det funne ein terning, to perler, tøyrestar, delar av ein ski, restar av ein sal og enkelte utskorne trestykke med ukjend funksjon. Desse gjenstandane er skildra i notatane som blei gjort under utgravinga. 

Gjenstandane forsvann

Fordi Tuneskipet blei funne i ei tid då den moderne arkeologien endå ikkje hadde funne si form, forsvann mange av gjenstandane under og like etter utgravinga. Dei kom dermed aldri inn til museet. Gjenstandane som eksisterer i dag er dessverre i veldig dårlig stand.


Les meir

Publisert 1. nov. 2012 17:14 - Sist endra 24. apr. 2020 11:05