English version of this page

Tuneskipet

Tuneskipet har sannsynlegvis vore eit hurtig, havgåande skip som raskt kunne frakte menneske frå ein stad til ein anna. 

Opplev Tuneskipet digitalt

Godt seglskip 

Sjølv om Tuneskipet er mindre enn skipa frå Gokstad og Oseberg, har det kraftigare mastefeste. Det har gjort det mogeleg å ha eit segl som kan ha vore så stort som hundre kvadratmeter. Kombinert med skrogets form, har dette sannsynlegvis gjort skipet til eit raskt, havgåande skip med spesielt gode segleeigenskapar. 

Skipets funksjon

Tuneskipets lasteeigenskapar er derimot ikkje spesielt gode. Det kan ha vore brukt til å transportere varer med høg verdi og liten vekt, som for eksempel pels, glas og slavar. Skipet har også vært godt eigna til å flytte menneske raskt, noko som er ein viktig eigenskap for eit krigsskip. Kanskje har dette vore Tuneskipets hovudfunksjon?

Stedt til ro utan årer

Tuneskipet er bygd rundt år 910 e.Kr. og er eit klinkbygd skip av eik. Skipet har sannsynlegvis hatt 12 hol til årene på kvar side. Det gjev eit mannskap på 24 mann pluss styrmann og utkikk. Det var ikkje lagt ved årer då skipet blei sett i grava.

Tolte bølgjene godt

Skipet har antakeleg vore 18,7 meter langt, 4,2 meter breitt og hatt 12 rader med bordgangar. Dei øvste radene med bordgangar og stamnen er borte. Slik skipet står i dag ser vi berre dei ti nedste bordgangane, men det er hol og merke for feste av dei to andre. Dei to ekstra bordgangane gjev høgt nok fribord til å hindre temmeleg høge bølgjer i å slå inn i skipet.


Les meir

Publisert 19. mars 2020 14:28 - Sist endra 24. apr. 2020 11:07