Levd liv – ei utstilling om skjeletta frå Oseberg og Gokstad

Utstilling av skjeletta frå Gokstad- og Osebergskipet i Vikingskipshuset.

I Vikingskipshuset frå fredag 3. oktober 2008.

Den 3. oktober 2008 blei skjelettet frå mannen i Gokstadskipet og skjeletta frå kvinnene i Osebergskipet overført til Vikingskipshuset på Bygdøy. Der vil dei bli utstilt for publikum i lang tid framover. Gravskipa frå Gokstad og Oseberg blei brukt som farkostar til dødsriket for desse spesielle passasjerane for meir enn 1100 år sidan.

Gokstadskipet blei haugsett ved garden Gokstad i Vestfold mellom år 900 og 905. Undersøkingar av tømmer frå grava, viser at det blei hogge i år 901. I grava låg ein relativt ung mann som døydde av skadane frå kamp. Skipet blei grave ut i 1880 og er stilt ut i Vikingskipshuset saman med ein del av gravfunnet.

Frå utgravninga av Gokstadskipet i 1880 (til venstre) og Osebergskipet i 1904.

Osebergskipet blei haugsett ved garden Oseberg i Vestfold hausten 834. Undersøkingar av tømmeret i grava viser at det blei hogge sommaren 834. I grava låg to kvinner av høg byrd, lenge spekulerte ein på om det kunne vera dronning Åsa og ei tenestejente. Osebergskipet blei grave ut i 1904. Skipet og delar av gravfunnet er stilt ut i Vikingskipshuset.

Skjeletta

Skjeletta frå begge skipa er undersøkt fleire gonger, sist i 1927. Då blei det konstatert at Gokstadmannen var ein mann mellom 60 og 70 år og at han lei av leddgikt. Dei same konstaterte at den eine kvinna i Osebergskipet var 60-70 år, 157 cm høg og at skjelettet viste sjukelege forandringar. Den andre var ei kvinne på ca. 30-40 år, men få skjelettdelar frå denne kvinna gjorde at det var vanskeleg å seie noko meir.

Professor Per Holck. Foto: Mårten Teigen, @ Kulturhistorisk museum

Gokstadmannen

Nye forskingsmetodar innanfor blant anna osteologi, paleopatologi og genetikk har opna mogelegheiter for atskillig betre forsking på skjelett. Professor Per Holck ved Universitetet i Oslo har gjennom grundige undersøkingar no kome fram til at mannen i Gokstadskipet var omkring 40 år då han døydde, var mellom 181 og 183 cm høg og at han døydde under dramatiske omstende. Han blei drepen av hogg mot begge beina, blant anna mot det høgre leggbeinet. Dette hogget gjorde at han ikkje kunne stå oppreist. Det er også merkje etter eit knivstikk på innsida av det høgre lårbeinet og det kan vera dødsårsaka sidan hovudpulsåra går rett her. Det var ein vanleg kampteknikk å hogge etter beina i vikingtid og mellomalder. I tillegg var mannen uvanleg grovt bygd, med grove ansiktstrekk, og store hendar og føter på grunn av akromegali.

Bildet kan inneholde: tre, finger, hånd.
Spor etter knivstikk. Foto: Mårten Teigen, @ Kulturhistorisk museum

Osebergkvinnene

I Osebergskipet låg ei eldre og ei yngre kvinne. Den eldste kan ha vore 80 år, den andre sannsynlegvis rundt 50 år. Begge var omkring 153 cm høge.  Den eldste har hatt beinskøyrheit, brot i korsryggen og ein skade som har øydelagt menisken. Ho må ha vore lutrygga og hatt vanskeleg for å bevege seg. I tillegg har ho hatt ein langt framskriden kreftsjukdom. Skjelettrestane tyder på at kvinnene har hatt eit aktivt, fysisk liv, trass i at dei høyrde til overklassa.

Bildet kan inneholde: ledd.
Langtkomen lukking av skallesaumane (suturane) hjå den eldste kvinna (til venstre) vitnar om høg alder. Liten grad av tannslitasje i overkjeven til den yngste kvinna (til høyre).

Dessverre var ikkje DNA-materialet godt nok til å kunne etterspore kvar desse menneska har hatt sitt genetiske opphav. På den yngste Osebergkvinna viste likevel eitt DNA-spor at ho kunne ha genar frå Svartehavområdet. Men det må fleire DNA-prøver til for å kunne stadfeste denne eine. Det var ikkje mogeleg.

Skjeletta frå begge gravfunna blei gravlagde på nytt i 1928 (Gokstad) og 1948 (Oseberg) fordi gravhaugane blei vedtatt restaurert og av pietetskjensle for grava og dei døde. Skjeletta blei gravlagde i metallkister som blei lagt i steinsarkofagar. I våre dagar har forskarar vore bekymra for at vatn og luft skulle trengje inn i kistene og øydelegge beina.

Opning på nytt og vegen vidare

I 2007 etablerte Kulturhistorisk museum og Vestfold fylkeskommune eit samarbeidsprosjekt der Gokstadhaugen og Oseberghaugen skulle opnast på nytt og skjeletta kontrollerast. Inne i sarkofagen til Gokstadmannen sto det vatn, kledet rundt blykista var så vått og morkent at det ikkje kunne lyftast på. I Osebergkvinnenes sarkofag var det halvfullt av vatn og aluminiumskista hadde fått ein kraftig bulk.

Bildet kan inneholde: blåhalsarbeider, bygningsarbeider, geologisk fenomen, infrastruktur, geologi.
Frå opninga av Oseberghaugen.

No skal skjeletta oppbevarast trygt for framtida, kanskje nye analysar vil kunne gje oss meir kunnskap om desse tre menneska som blei gravlagde for over 1000 år sidan?

Gokstad- og Oseberggravene er verdas rikaste vikinggraver som hittil er funne. Gokstad-haugen romma, i tillegg til skipet og skjelettet, tre båtar, tolv hestar, seks hundar, ein påfugl, i tillegg til mykje anna. Oseberghaugen inneheldt endå fleire gjenstandar, blant anna ei vogn, fire sledar, fem dyrehovudstolpar, femten hestar, to oksar, fire hundar, i tillegg til skipet og kvinnene.

Forsking og omvising

Undersøkingane av vikingskjeletta er byrjinga på Kulturhistorisk museum si storsatsing på forsking innanfor vikingtid. Museets nye professor Jan Bill, tidlegare direktør ved Roskilde museum i Danmark, vil leie denne forskinga.

Partnerar

  • Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
  • Vestfold fylkeskommune

Ressursar

Original versjon

Sjå utstillingssida i den opphavelege versjonen

Publisert 15. apr. 2020 08:21 - Sist endra 14. des. 2020 09:28